annonse

«Ei endeleg løysing på problematikken med skotår»

Talknusar
Talknusar: Gisle Tjong. (Foto: Arkiv)

I 1582 hadde dei funne ut at å ha skotår kvart fjerde år, var litt for ofte. Det gjer eit år som er 674 sekund for langt, skriv Gisle Tjong.

  • Meiningar

Løysinga måtte vera å skjera ned på talet på skotår, men ingen visste, den gongen, eksakt kor mykje det var snakk om. Ein valde å kutta tre av kvar 400 skotår, og det gjorde at ein kom ned på 26 sekund feil, for langt år framleis.

26 sekund, gonger 436 år, 1582 – 2018, er tre timar, ni minuttar og sju sekund. Dette vert eit døger på om lag 3320 år. Då må ein altså hoppa over eit døger, for igjen å vera à jour. Om att og om att må dette skje, med 3320 års mellomrom.

Viss me ikkje gjer noko med det, vel å merka. Ein metode er å hoppa over kvart 32. skotår, i praksis slik at årstal delelege på 128, ikkje er skotår. Medan alle andre år som er delelege på 4, er det. Det gjer eit år som er 0,9747 sekund for kort. Som igjen vil seia at me må leggja til ein dag med jamne mellomrom. Men langt sjeldnare enn med dagens utdaterte modell. Slikt tillegg skjer då berre kvart 88642 eller 88643 år.

Eller ein kan gjera denne modellen endå betre, ved å leggja til eit skotår no og då, på toppen av eit slikt 31 av 128-opplegg i botn. Det absolutt optimale er der ein legg til 361 skotår, i løpet av 250 000 slike 128-årsperiodar, eller altså i løpet av 32 millionar år. Ikkje uventa vert det eit tillegg kvart 88642 eller 88643 år.

32 millionar år er lang tid, så me bør sjå oss om etter kortare periodar, sjølv om me taper litt presisjon. Mitt forslag gjer eit år som er 0,00045169056 sekund for langt. Det vil seia eit sekund på 2213,9 år.

Forslaget er slik:

1. Først 108 periodar med 31 skotår på 128 år.

2. Så 20 år til, med fem skotår i tillegg.

Det gjer 3353 skotår, på 13844 år.

Presisjonen er 57617,54 gonger betre, enn i dagens modell. Viss nokon spør kva tid me vil vera eitt døger feil, for den dagen kjem nok, så lenge det finst ein feil, så er det etter vanvitige 191 282 462 år. Ikkje i vår tid, med andre ord.

Eller med den nemnde 32 millionarsmodellen, kjem den dagen aldri, i og med at året i den modellen er 100 % eksakt, i forhold til modellen. 31 556 925,9747 sekund per år.

Same kva modell ein vel, er det 31 skotår, i periodar på 128 år, som er regelen, i minst 13824 år framover, frå den tid dette måtte verta innført.

Nøyaktigheita i Cæsar sin modell var 1 på 46820. På 1582-modellen var det betydeleg betra, no er han 1 på 1 212 548.

Og i min tilrådde modell, er det 1 på 69 864 036 940. Og med 32-millionarsmodellen er det 1 på uendeleg, sidan det ikkje er målbar feil der i det heile. 7 750 361 skotår, på 32 millionar år, er den optimale løysinga, men 32 millionar år er nok litt vel lenge.

Alle modellane er uansett like dei neste 13951 åra, så det betyr ikkje noko for oss i dag, kva ein enn måtte velja.

Dette er nok ei sak for SN, og Generalforsamlinga der. Og eventuelt 3. komité, som arbeider med sosiale saker, og som i 1956 hadde oppe ei liknande sak, om Verdskalenderen.

For me må snart rydda opp i denne unøyaktigheita som pave Gregor 13., og hans rådgjevarar den gongen, innførte. Dei gjorde nok det beste dei kunne, nett som eg i dag.

Dette er uansett ei løysing for all framtid.

Gisle Tjong,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut