annonse

Ei helsing frå Hanne (6)

Skuffa
Skuffa: Lars Håvard og Hanne (6) Myhre er svært skuffa og lei seg for at ho til hausten må byrja på Tjødnalio skule, medan broren går på Langeland. (Foto: Privat)

«Hei eg heiter Hanne og eg er nett blitt 6 år.

  • Meiningar

Eg skal snart byrje på skulen. Det har eg gledd meg til lenge! Men det er ikkje så kjekt lenger, for eg veit ikkje kva skule eg skal gå på ...

Eg trudde eg skulle få gå på Langeland skule saman med broren min.

Han heiter Elias, og er snart 8. Han er veldig snill med meg, og passar på meg og hjelper meg. Og av og til hjelper eg han òg. Men mamma og pappa seier at eg må gå på Tjødnalio skule.

Dei søkte om at eg skulle få gå på Langeland, men der var det ikkje plass til meg.

Pappa sa at han var heilt sikker på at eg skulle få gå på same skule som Elias; da hadde dei som bestemme sagt.

Men eg trur skulen er full, for det var eg og ein til som har søsken på skulen, som ikkje fekk plass. Men det var plass til broren til bestevennen til Elias. Dei er naboar med oss.

Mamma og pappa snakkar veldig masse om ditta skulegreiene.

Då blir dei ofta litt sinte, dei ser i alle fall triste ut når dei snakkar om da.

Pappa seier at han må skriva brev til kommunen, men han bruker veldig lang tid på da, og synest det er vanskeleg, for han veit ikkje kva han skal skrive, eller om dei bryr seg om oss.

Eg og storebror bur litt hos mamma og litt hos pappa.

Mamma seier at ho ikkje veit kva ho skal gjera, for ho rekk ikkje å henta både meg og Elias på SFO før det stengjer. Håpar ikkje eg må stå ute åleine å venta. Kanskje eg må ta buss. Men eg veit ikkje korleis eg tar buss åleine!

Eg er jo berre 6 år! Til og med Elias tør ikkje det jo!

Av og til sparkar pappa fotball med oss. Det synest eg er gøy! Han har sagt at eg sikkert kan byrja på fotball når eg blitt skulejenta.

Men dei som går på Tjødnalio spelar fotball ein annan plass enn dei som bur her.

Eg trur det er der så besten og besto bur dei speler fotball, og det er litt langt vekke. Der er det òg ein ungdomsskule. Det er den som dei frå Tjødnalio skal gå på.

Men Elias skal ikkje gå på den. Han skal gå på Vikjo.

Pappa seier at han trudde at det var ein god plass å bu, då han og mamma kjøpte tomt i Hornelandsvågen. Det er veldig lenge sidan. 12 år faktisk.

Det var nok heilt sikkert komme skule der til dei fekk skuleborn, trudde dei.

Men no trur han ikkje at det kjem skule likevel.

Og mamma har vore i aviso, og på møte med dei som bestemmer, for å fortelja kor viktig det er med skule, men det har ikkje hjelpt da heller.

Men eg synest pappa hadde ein god idé han snakka om ein gong.

Han tenkte at det kanskje hadde vore lettare for dei som er aller størst på skulen, dei som går i sjuande, å gått eitt år på ein annan skule.

Kanskje på Tjødnalio, eller på den nye, fine ungdomsskulen på Vikjo, som dei snart skal byrja på. Dei er jo veldig store, og klarer heilt sikkert å ta buss åleine.

Ikkje går dei på SFO heller, og dei kunne jo berre gått i klasse i lag med alle dei som dei kjenner frå før. Og så vil det jo berre vera for eitt år.

Då hadde da jo vore plass til alle dei småe ungane på skulen, då er da mange som hadde blitt veldig glad!

Les også: Meiner nabolag blir splitta opp

Også kunne me jo heller laga ein ny skule her ute med oss om ei stund.

Eg håper veldig at det er nokre vaksne som les ditta brevet, og at det er nokon som bryr seg om korleis det kan vera for ein seksåring på Stord i dag.»

Det er heilt sikkert andre seksåringar som har andre historier å fortelje; ein veit aldri kva konsekvensar eit vedtak, som det om å endra krinsgrensene, får for den enkelte familie.

Det opplevast difor som eit ekstra stort vonbrot for oss foreldre å ikkje verta lytta til. Det vert som at den enkelte sine problem vert berre eit bry som ein ikkje kan ta omsyn til, for det står i vegen for å gjennomføra planen slik det var tenkt.

Med helsing Hanne Myhre (6), og pappa, Lars Håvard Myhre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut