annonse

«Ei regjering som er på lag med framtida»

Optimist
Optimist: «Me som arbeidar for Venstre lokalt, ser også fram til tett dialog med regjeringa om saker som er viktige for oss», skriv Geir Angeltveit. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Den blågrøne regjeringa skal ta ansvar for framtidige generasjonar, ta vare på naturen, gje alle born mogelegheit til å lukkast i live, og skapa nye arbeidsplassar i heila landet.

Det er fira saker eg gjerne vil framheva som er viktig å få på plass:

– Lofoten, Vesterålen, Senja, Jan Mayen, Iskanten, Skagerak, og Mørefeltene vert halden fri frå oljeverksemd i heile perioden

– Gratis halvdagsplass i SFO for born i låginntektsfamiliar, slik me dei siste åra har gjennomført for barnehagane.

– Ein rusreform som legg til rette for behandling av dei som treng det mest (hjelp, og ikkje straff)

– Ein inkluderingsdugnad for å få fleire i arbeid og fleire integrert i det norska samfunnet.

Norge og verda står ovanfor store utfordringar, men me har også dei aller beste mogelegheitene for å løysa dei. Då treng me nokon som tar ansvar og leiarskap, politikarar som veit kor dei vil, og som er villig til å gjera jobben for å nå måla våre. Det ansvaret er Venstre klar til å ta.

Difor er det også viktig at regjeringserklæringa slår fast at regjeringa ønskjer å løysa nokre av dei viktigaste utfordringane Norge står ovanfor, for å skapa ein berekraftig velferdsstat for framtida. Omstillinga av norsk økonomi, oppfylling av Norges klimaforpliktingar, og å skapa eit meir inkluderande arbeidsliv. Vidare skal regjeringa sikra gode velferdsordningar, redusera fattigdom, særskild blant barnefamiliar, og gjennomføra eit integreringsløft.

Venstre har fått gjennomslag for dei sakene me gjekk til val på; å få ned klimagassutsleppa, å leggja til rette for fleire arbeidsplassar og betre vilkår for gründerar og småbedrifter, å sørgja for ein betre skule for kunnskap og like mogelegheiter, med fleire faglærte lærarar. Me har også fått gjennomslag for ein inkluderingsdugnad som skal sørgja for at fleire løftast ut av utanforskap og fattigdom. Difor ser me fram til å byrja arbeidet i regjering, ei oppgåve me går til med stor optimisme, men også stor audmjukskap.

Det er viktig å hugsa at ein mindretalsregjering må skapa fleirtal for politikken i Stortinget. Det er i fellesskap me klarar å skapa gode løysingar som folk treng. Norsk politikk er på sitt besta når me tar ansvar og møter utfordringane, og når me samarbeider for å oppnå resultat. For i tida som kjem, treng me parti og politikarar som tar ansvar. Som ser at ikkje alle problem kan løysast med støre offentlege utgifter, men som arbeidar for å tryggja ein berekraftig velferdsstat for framtida.

Difor eg er glad for at me har fått ein grønare, rausare, og meir sosialliberal regjering som sett folk først, og er på lag med framtida. Me som arbeidar for Venstre lokalt, ser også fram til tett dialog med regjeringa om saker som er viktige for oss. Eg har store forventningar til regjeringserklæringa og dei ambisjonane den legg for dei neste fira åra. Ei blågrøn regjering skal vera ein regjering som arbeidar for å skapa gode politiske løysingar over heile landet, der er me klare til å bidra.

Geir Angeltveit

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut