annonse

Ei sak for fylkesmannen?

HALSNØYTUNNELEN
HALSNØYTUNNELEN: – Tre av fire kvinnheringar bur på fastlandet, og dei, og alle andre, får no mange ekstra kilometer å køyra, til Ranavik, samanlikna med Sunde/Opsanger. Kunne ein brukt begge to, hadde ein også spart halsnøybuen for slik ekstrakøyring. Og for alle, minimalisert køyring gjennom den 200 m djupe, og 11 prosent bratte, Halsnøytunnelen, skriv Gisle Tjong. (Foto: Henrik Mundal Andreassen/Illustrasjon)

  • Meiningar

Då Biltema skulle flytta, var det mykje bråk om det, av di fylkesmannen meinte at det ville føra til meir bilkøyring, i og med litt lengre avstand til Leirvik sentrum.

Kva må fylkesmannen då meina om å oppretthalda Ranavik som einaste ferje-stoppestad? Tre av fire kvinnheringar bur på fastlandet, og dei, og alle andre, får no mange ekstra kilometer å køyra, til Ranavik, samanlikna med Sunde/Opsanger. Kunne ein brukt begge to, hadde ein også spart halsnøybuen for slik ekstrakøyring. Og for alle, minimalisert køyring gjennom den 200 m djupe, og 11 prosent bratte, Halsnøytunnelen. Mange tungtrafikksjåførar ville ha vore glade for det. Nye forskrifter i dag, tilseier at nye tunnelar berre kan vera halvparten så bratte.

Men det skjer nok ikkje, for då ville trafikken i tunnelen ha gått altfor kraftig tilbake. Ein slik tunnel kan aldri verta noko full godt alternativ for alle, mjuke trafikantar vert jo avviste. Då hadde ei flytebru vore tusen gonger betre, gjerne aust for Høylandsbygd, om det skulle vera ynskjeleg, av omsyn for industrien.

Ferjekaien på Sunde må kunne takst i bruk på timen, viss tunnelen skulle verta stengt, til dømes for vedlikehald. Nett som Skjersholmane, i høve til Bømlafjordtunnelen. Så ein må ikkje tenkja på å bruka kaien til noko anna, Det er ikkje meir enn 3–4 år sidan nett dette skjedde, og ferja gjekk til både Ranavik og Sunde, Det vil skje om att, og om att, i prinsippet til evig tid.

Gisle Tjong

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut