annonse

Ei skikkeleg gladmelding

SATSING
SATSING: Leiar for aluminiumsproduksjonen i Norge, Ola Sæter (t.v.), verksleiar for Hydro Husnes og leiar i Husnes Kjemiske Fagforening Ørjan Normann kunne torsdag presentera nyhenda om at aluminiumsverket opnar B-hallen. Ordførar Peder Sjo Slettebø stilte med blomar på jubeldagen. (Foto: HÅVARD SÆTREVIK/GRENDA)

  • Leiar

Torsdag morgon kom ei etterlengta gladmelding frå Hydro: Storkonsernet skal investera heile 1,3 milliardar kroner og starta opp att produksjonen i B-hallen. Dette vil føra til 90 nye arbeidsplassar og store ringverknader i lokalsamfunnet. Hydro produserer i dag rundt 95.000 tonn primæraluminium på årsbasis på Husnes. At B-linja blir opna opp att vil bidra til at den årlege produksjonen på anlegget blir meir enn dobla, til 190.000 tonn i året. Det er venta at linja vil starta produksjonen i første halvår av 2020.

Hydro Husnes, som i mange år hadde namnet Sør-Norge Aluminium AS (Sør-Al), er rekna som hjørnesteinsverksemda i særlege delar av Kvinnherad. Sanninga er at det har gått jamt og trutt nedover dei siste åra, og vonbrotet var stort då meldinga kom om produksjonen i B-hallen vart stengt i 2009. Utover 2000-talet førte låge prisar på aluminium til at Hydro reduserte produksjonen fleire stader i landet, og truga med å flagga ut til lågkostland som Kina og Qatar dersom ikkje rammevilkåra vart endra.

Men i dag er situasjonen annleis, og som på Karmøy, satsar no Hydro også på Husnes i åra som kjem. Dette er gode nyhende, ikkje berre for dei 245 tilsette som er att, men også for Kvinnherad kommune, underleverandørar, handelsnæringa – ja, for heile Kvinnherad-samfunnet.

Den beste julepresangen me kunne få, stråla Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø i går. Det er så sant som det er sagt, og me slengjer oss på i rekkja av gratulantar og håpar at dette kan føra til ein skikkeleg oppsving for Husnes-området og resten av Kvinnherad.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut