annonse

«Ein betre sommar for fleire»

STRAND
STRAND: Mange tek seg gjerne råd til fleire feriar per år. Men nokre kan ikkje reisa så mange stader. Forfattaren av dette lesarbrevet meiner mange kan gjera ein skilnad. (Foto: COLOURBOX/ILLUSTRASJON)

  • Meiningar

Det er juni månad og sommaren ligg framfor oss. Det er mange som ser fram til denne tida, og brukar den til å slappa av, lada opp og fylla dagane med gode opplevingar. Draumen om varme og idylliske sommardagar er stor. Og ikkje minst er det mange som ser fram til å reisa på ferie. Sommaren kan vera ei god tid. Men det kan og vera ei svært sår og vanskeleg tid for dei som fell utanfor.

Eg skriv dette innlegget for å minna andre på at ikkje alle har mogelegheit til å reisa på ferie.

Det kan vera mange ulike grunnar til det.

Slit ein f.eks. med sjukdom og er uføretrygda, kan det vera heilt umogeleg å reisa på sjølv den minste ferie. Økonomien tillèt det berre ikkje. Dei fleste uføre lever på ei minimal inntekt, og for mange går det vesle ein har til overs kvar månad, rett ut til ekstra sjukdomsutgifter. Å leva med sjukdom er ein kamp kvar einaste dag, og for mange handlar livet berre om å overleva og å halda ut dagane. Då lærer ein seg å setja pris på ørsmå ting som andre tek som sjølvsagt. Det er desse gode augneblinkane som held ein oppe. Mange lever også med konstante bekymringar for økonomien. Og det gjer det heile enda tyngre.

Grunnen til dårleg økonomi kan vera så mangt. Nokon får sjuke born dei må ta seg av og pleia, andre vert råka av alvorleg sjukdom sjølve. Nokon opplever plutseleg arbeidsløyse, medan andre igjen får uventa livsendringar, pga. skilsmisse eller anna. Det kan skje kven som helst, me har ingen garantiar nokon av oss.

Det er heller slett ikkje alle som har ein stor og god familie, der ein støttar og hjelper kvarandre.

Mange må stå åleine i alt det som er tungt og vanskeleg. Det er ikkje alle som har mogelegheit til å få låna ei hytte, rorbu, båt eller bil for den saks skuld, hos familie eller kjente. Dett ein f.eks. ut av arbeidslivet, dett ein fort ut av det «faste» sosiale nettverket. Viss økonomien også sviktar, blir det lett slik at ein ikkje kan unna seg sosiale opplevingar. Ein har jo ikkje råd til unna seg ein slik «luksus».

Det er hardt å leva slik, å måtta kjempa berre for å halda hovudet over vatnet. Mange bekymringar, og utan lyspunkt i sikte.

Det er faktisk endå hardare å leva i fattigdom, side om side med rikdom og velstand, enn det er å leva i eit samfunn der alle er fattige. Kontrastane vert så store i eit rik/fattig samfunn. Og ein blir bombardert med skilnadane kvar einaste dag.

Når sommaren då kjem, og mange reiser på ferie, kan det vera vanskeleg å detta utanfor. Nokre familiar fortel gjerne at dei skal innom 3–4 ulike land på ein sommar. Andre familiar har gjerne 2–3 flotte feriar i løpet av eit år. Nokon reiser kanskje jamleg på hytta eller rorbua si, på byferiar og til Syden.

Det å få reisa på ferie er ei stor gåve, som eg skulle ynskja alle var forunnt.

Eg skriv ikkje dette innlegget for å gje nokon dårleg samvit. Eg skriv det i håp om at folk skal forstå at det finst mange fattige i Norge. Dei er overalt rundt oss. Dei har ikkje dei same mogelegheitene til ferie som andre har. Eg har eit stort håp om at folk skal verta litt flinkare til å sjå dei som dett utanfor.

Difor spør eg deg, er det noko du kan gjera som kan gjera sommaren litt betre for nokon andre?

Kva med å tilby nokon som ikkje har mogelegheit til å reisa på ferie, at dei f.eks. kan få låna hytta eller rorbua di? Om så berre i nokre få dagar? Eg er overtydd om at det ville blitt sett stor pris på.

Eller har du ein annan idé som kan gjera kvardagen til nokon andre litt lysare?

Eg tenkjer også at det er viktig å gjera det enkelt og godt for ein annan å ta imot. For det er ikkje alltid lett å vera den som står med hatten i handa og tar imot hjelp.

Gjer sommaren betre for nokon andre. Gje frå hjarta. Saman kan me skapa eit betre samfunn.

Linda Iren Østensen,
ubbestadneset

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut