annonse

Ein digital skule som diskriminerer nynorskelevane

Misnøgd
Misnøgd: Sumarøyo målungdom og leiar Erling Løklingholm Leivestad er ikkje nøgd med at dei digitale læremidla altfor ofte vert kjøpt inn berre på bokmål og engelsk. (Foto: Marius Knutsen/arkiv)

  • Meiningar

Det skal vera like lett å vera nynorskelev som bokmålselev i skulen, også i framtida. Framtidas skule er digital, og appar og nettbrett tek over for læreboka. Då kan ikkje kommunane oversjå at elevane har språklege rettar. Det gjer norske kommunar i dag. Dei digitale læremidla vert altfor ofte kjøpt inn berre på bokmål og engelsk. Resultatet er at nynorskelevane får eit dårlegare tilbod enn bokmålselevane. Slik skal det ikkje vera!

Digitale læremiddel er førebels mest brukt på barnesteget. Det vil seia at mangelen på digitale læremiddel på nynorsk går verst utover dei elevane som treng å sjå språket sitt mest – barneskuleelevar som får den fyrste lese- og skriveopplæringa. Det seier seg sjølv at elevar som skal læra å lesa nynorsk, treng læremiddel som er på nynorsk. Det går ikkje an å læra nynorsk ved hjelp av læremiddel på bokmål eller engelsk.

Det er kommunane som har ansvar for at elevane får læremiddel på språket sitt. Tre av fire barneskulelærarar i nynorskområde seier at dei bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål i undervisninga. Det syner tydeleg at mange kommunar ikkje er medvitne kva ansvar dei har, og ikkje minst kva makt dei har. Det er kommunane som avgjer kva appar dei kjøper inn til skulane sine. Difor kan me takka Stord kommune for at dei har vedteke at digitale læremiddel som kommunen kjøper inn, ligg føre på nynorsk. Me vonar andre kommunar ogso gjer vedtak om dette.

Sumarøyo målungdom v/leiar Erling Løklingholm Leivestad

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut