annonse

«Ein nedleggingsplan?»

Bekymra
Bekymra: Er skulebruksplanen i Fitjar kommune i realiteten ein nedleggingsplan? spør Katrin I. Ankervold. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

Fitjar kommune er i ein krevjande økonomisk situasjon pga. effekten av nytt inntektssystem knytt til kommunereforma og auke i folketalet som reduserer småkommunetilskotet. På bakgrunn av denne økonomiske situasjonen i Fitjar kommune legg administrasjonen fram ein ny skulebruksplan med innsparingar i skuleverket.

Først har politikarane i Fitjar redusert drifta med 1.977.000,- med full årsverknad i 2019. Fjerning av blant anna i overkant av ein stilling spesialundervisning, og samstundes ein del lærarkrefter til særskild norskopplæring og vaksenopplæring.

Når så politikarane har bestemt at desse nesten 2 millionane skal fjernast frå skuleverket kjem skulebruksplanen med nedlegging av to skular i Fitjar kommune. Dette vil gje eit estimert innsparing på alternativ 1 på i overkant av 5 millionar pr. år.

Skulane i Fitjar kommune har ei kostnadsramme på 47,9 millionar i 2018. Dersom administrasjonen i Fitjar kommune får tilslag for å gå på alternativ 1, nedlegging av både Øvrebygda og Selevik skule, vil kostnadsbiletet for drifta av den eine skulen som vert att vere på ca. 41 millionar. Arbeidsstyrken som er knytt opp mot elevane vil bli redusert med 12 % til 14 %. Vaksentettleiken vert kraftig redusert.

På same tid vil Fitjar kommune få inn 111.000,- pr. elev i årlege overføringar. Det samla elevtalet i Fitjar kommune er ca. 466 elevar, som då vil vere samla på Rimbareid skule.

I dei seinare åra har skulen i stor grad fått oppunder den samla ramma som dei tildelte overføringane pr. elev.

Men etter eit vedtak i skulebruksplanen vil Fitjar får eit samla overføring for elevane i skulen på 51,7 millionar. Det vil seie 10 millionar høgare ein det som skulebruksplanen legg opp til bruk i sitt alternativ 1. Med andre ord ein kraftig reduksjon på tilbodet til elevane i Fitjar kommune. Midlane som elevgruppa dreg inn til kommunen vil berre gå til å saldere budsjettet og oppretthalde ein kommunebalanse i ubalanse. Utdanningsforbundet håper at politikarane i Fitjar ikkje tek midlane frå barn og unge i kommunen men gir dei den utdanninga dei bør få for overføringane som vert tildelt kommunen.

Ikkje nok med at skulen i Fitjar har tatt brorparten av dei ovannemnde og vedtekne innsparingane, med nesten 2 millionar og forslag om 5 millionar i skulebruksplanen, kjem det nye kutt i revidert budsjett i juni på topp. Der ein av dei mest positive aktivitetane innanfor Fitjar skulen vert foreslått teke vekk. Med ei innsparing på

250 000,- ved å stengje bassenget på hausten 2018, vil det gje stor «sorg» i elevmassen. For er det noko elevane i Fitjar ser fram til så er det bassengtimane. Elles kjem det i rev.budsjett framlegg om kutt av både 30 % lærarstilling og om lag ei halvering av vikarbudsjettet i kommunen på topp av allereie omtala kutt.

Utdanningsforbundet ber om at politikarane ser på andre alternativ for innsparing enn kutt inn mot elevane. Elevane i Fitjar kommune fortener ein god skule med rom for god tilrettelagt undervisning. Politikarane i Fitjar kommune har høve til å sjå på inntektssida i budsjettet. Stadig meir midlar kjem inn via havbruksfond, berre i rev.budsjett i inneverande år vil Fitjar kommune leggje inn ca. 2 millionar. Det kan raskt kunne bevege seg opp mot 5 millionar. Utdanningsforbundet i Fitjar håper at politikarane vil gje skulen tilstrekkeleg midlar for å gje elevane ei god skulegang.

Katrin I. Ankervold,
lokallagsleiar i Utdanningsforbundet i Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut