annonse

Ein suksessmodell

Utdanning
Utdanning: Ingeniørane Jarand Helland (27) og Rune Slettebakken (43) er blant dei mange studentane som har teke ingeniørutdanninga i Sunnhordland. Her frå skulestart på HVL i fjor haust. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

I dag vert fem år med «Stordmodellen» markert med eit miniseminar, der representantar frå lokale verksemder, utdanningsinstitusjonar og det offentlege samlast for å hauste erfaringar frå dei første fem åra med teknisk fagskule, og setja fokus på kva Sunnhordlandsregionen gjer for å sikra seg kompetent arbeidskraft for å møta framtida.

Det var i 2011 at dei fire industriverksemdene Kværner, Apply Leirvik, Wärtsilä og Advantec tok initiativ til ein teknisk fagskule på Stord. I samarbeid med kommune, fylkeskommune, Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Bergen tekniske fagskule, blei det etablert eit tilbod om teknisk vidareutdanning av fagarbeidarar. Etter fire år vart tilbodet utvida til også å bli ingeniørskule, som påbygging til dei som har fullført den tekniske fagskulen.
 
Sunnhordland har vore hardt ramma av dei siste års nedtur i olje- og gassindustrien. Men industriverksemdene i Sunnhordland har brukt oljenedturen aktivt til å utvikle kompetansen sin, mellom anna gjennom dette utdanningsløpet. Tilbodet er finansiert gjennom eit spleiselag, og undervisningsopplegget er skreddarsydd industrien sine behov. Så langt har nærare 100 personar kombinert jobb og skule, og fått fagleg påfyll og vitnemål i handa.

Me gratulerer alle dei som har fullført, og ikkje minst så er me imponerte over tiltaket, som er heilt unikt i norsk samanheng. Her har lokalt næringsliv stått på og utarbeidd eit studietilbod som er skreddarsydd deira behov, og som ein vil hausta gode frukter av i åra som kjem. Og sist, men ikkje minst, er dette er strålande døme på korleis ein tenkjer langsiktig medan ein er nede i ein bølgjedal. Dette er noko ein har all grunn til å vera stolt over.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.