annonse

Ein uløna dag

Frisk luft gjer godt
Frisk luft gjer godt: – Veit at det ikkje er enkelt, at det krev overskot, energi, trua på at livet blir betre. Det er verdt å prøva, sjølv om det kan verka banalt og for enkelt å tru at ein tur i ut i naturen kan gjera dagen så mykje betre, skriv Solveig Andersen. (Foto: Solveig Andersen)
Ut på tur
Ut på tur: – Veit at det ikkje er enkelt, at det krev overskot, energi, trua på at livet blir betre. Det er verdt å prøva, sjølv om det kan verka banalt og for enkelt å tru at ein tur i ut i naturen kan gjera dagen så mykje betre, skriv Solveig Andersen. (Foto: Solveig Andersen)
Ute
Ute: – Veit at det ikkje er enkelt, at det krev overskot, energi, trua på at livet blir betre. Det er verdt å prøva, sjølv om det kan verka banalt og for enkelt å tru at ein tur i ut i naturen kan gjera dagen så mykje betre, skriv Solveig Andersen. (Foto: Solveig Andersen)

  • Meiningar

Klokka bestemmer ingenting. I morgon kan eg velja å sova lenge, eller stå tidleg opp. Eg vel alltid det same. Tidleg opp. Likar å få med meg lyset som lagar siluettar av fjella, sola som plutseleg stig i ganske stor fart opp i horisonten. Kjensla av at det er viktig å stå tidleg opp sit i kroppen etter årevis i arbeidslivet, og etter å ha vore a-menneske sidan eg såg dagens lys. Litt ufrivillig arbeidsledig ein periode no, gjer at eg må vera kreativ for å fylla dagane med noko som kjennest meiningsfullt. Ikkje lønsamt, men like fullt meiningsfullt. Ser at det trengst mat i kjøleskapet, vegen til butikken går fort med bil, men kan gjerast om til ei spanande oppleving om eg vel å la bilen stå, og går omvegen gjennom skogen, langs vatnet og over gardane mot sentrum.

Ein kald novemberdag var verda bada i blått lys, trea sto kvite av frost, som vakre bruder, og strålte mot ein himmel som verka uendeleg i alt det blå. Veit trea kor vakre dei er, kor godt det gjer for eit menneske å berre stå der og sjå? At dei berikar dagen min, berre ved å vera til? Frostrøyken dansar som alvar over vatnet, plutseleg ser eg eit lite isfjell som ligg og flyt, heilt til isfjellet forvandlar seg til ei vakker svane som strekkjer halsen som i ein ballett, for å sjekka at det er trygt å beita under vatnet, og at partnaren framleis er i nærleiken. Veit dei kor utruleg elegante dei er, at dei får fram musikk i meg når eg ser dei vakre rørslene? Det er nesten litt surrealistisk, at det parallelt med mitt liv, lever skapningar som berre er i seg sjølv, som ikkje anar at dei kan gjera dagane mine til noko heilt spesielt. Som gjer den jobben heilt utan løn, og som kjenner sin plass på jorda så mykje betre enn mange av oss menneske gjer.

Ut på tur
Ut på tur: – Veit at det ikkje er enkelt, at det krev overskot, energi, trua på at livet blir betre. Det er verdt å prøva, sjølv om det kan verka banalt og for enkelt å tru at ein tur i ut i naturen kan gjera dagen så mykje betre, skriv Solveig Andersen. Foto: Solveig Andersen

Det går an å gå gjennom skogen utan å høyra ein einaste fugl, utan å sjå ljoset og skuggane, men når sansane er skjerpa og konsentrert om livet rundt, er det som å gå gjennom ein film, å vera tilskodar til liv som utspelar seg på vegen der du går. Den vesle raudstrupa som alltid er åleine, som ikkje likar å vera i flokk, men som av og til verkar som ho oppsøkjer menneskeleg selskap. Kor glad eg blir når eg kjem nær ein slik lubben, liten skapning. Veit raudstrupa kor glad eg blir for selskapet hennar?

Eller svarttrasta som kjeftar og fyk opp når eg nærmar meg, kjeftar heile vegen medan ho fyk til neste busk. Rotar rundt på bakken og lagar masse lyd, som om ho var ein stor skapning, og ikkje den vesle svarte kroppen, med skinande oransje nebb. Må alltid le når ho kjeftar. Slik forlengjer ho livet mitt.

Eit gjerde over eit jorde er dekt med rimkrystallar i dei utrulegaste formasjonar, sola får dei til å glitra som diamantar, og om eg stikk hovudet heilt nær kan eg tru eg ser smykkeskrinet til eventyrprinsessa. Heile landskapet byr seg fram og viser uendeleg med vakre motiv. Kvardagen forsvinn i alt det vakre. Eller kan ein kvardag vera slik. Det kan eg sjølv bestemma. Og no gjer eg det, eg bestemmer at dette er min kvardag. Ein av dei heilt unike kvardagane som livet består av. Ein god kvardag. Ikkje lønsam, ikkje produktiv, men full av inntrykk og kjensler som berre kjem sivande gjennom den klare, kalde lufta. Det er berre å ta imot, nyta at akkurat denne dagen vart som han vart.

Ute
Ute: – Veit at det ikkje er enkelt, at det krev overskot, energi, trua på at livet blir betre. Det er verdt å prøva, sjølv om det kan verka banalt og for enkelt å tru at ein tur i ut i naturen kan gjera dagen så mykje betre, skriv Solveig Andersen. Foto: Solveig Andersen

Det hender at eg på tyngre dagar går ut i naturen for å få ny energi. For å klara tankane. For å få påfyll av livslyst. Ein slik dag hadde eg ei spesiell oppleving. Turen gjekk til skogs. Eg høyrde ei flaggspett som sat og hakka i ei gamal furu. Tenkte eg skulle snika meg nære furua, prøva å leggja øyra inntil og høyra på hakkinga. Og eg klarte det, la armane rundt treet og øyra inntil og kjende korleis heile furua dirra av det kraftige nebbet til flaggspetta. Eg stod slik ei stund, så løfta eg blikket mot himmelen og såg rett på ei stor havørn som sirkla over furua. Kjensla eg fekk då er vanskeleg å beskriva, men eg følte meg privilegert, heldig, kjempeglad og takknemleg. Utan å vera klar over det, gav flaggspetta og ørna meg ei stund som eg alltid vil hugsa, og som alltid vil vera god å tenkja på.

Tankane vandrar til dei mange som ikkje har gode kvardagar, som kanskje ikkje har jobb, ikkje nære vener, ikkje familie, er einsame, åleine. Kunne dei fått ein slik dag, kunne naturen gitt dei same kjenslene til dei som til meg? Skulle ynskja det. Skulle ynskja at dei tok turen ut, let seg bevega av det som skjer rundt oss, let seg riva med, let dei tunge tankane fordufta i vinterlufta. Berre vore til. Veit at det ikkje er enkelt, at det krev overskot, energi, trua på at livet blir betre. Det er verdt å prøva, sjølv om det kan verka banalt og for enkelt å tru at ein tur i ut i naturen kan gjera dagen så mykje betre. Eg skal i alle fall ut igjen, treng ikkje gå langt, treng ikkje gå fort, treng berre å vera der det uløna livet er. Rett i nærleiken av oss!

Solveig Andersen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut