annonse

Eit helseførebyggjande tiltak

Gutta på tur
Gutta på tur: Eit helseførebyggjande tiltak. Her frå ein tur tilbake i 2012. (Foto: Hans Hauan)

Vennegjengen som starta med torsdagsturar på Stord i 1998 har sett «fotefar» etter seg, skriv Oddbjørn Kvålsvold.

  • Meiningar

Ikkje berre er det jamt over 20-30 som startar sine turar på Vabakken torsdag morgon, men tiltaket fekk og ringverknader på Bømlo som starta liknande aktivitet i 2001. Som ein del av denne aktiviteten har me fire fellesturar kvart år, fordelt på Bømlo og Stord, haust og vår. Eit flott tiltak som skapar gode relasjonar og vennskap mellom pensjonistar i kommunane. Torsdag 26. oktober var me 19 tilårskomne menn, som tok turen over bruene for å ha hausttur i lag med våre vener busett på Bømlo.

Ved avkøyrsla til Hestaneset, før Grutlefjorden, stod formann Johannes Sortland saman med 21 turvenner frå GPT–Bremnes, og losa oss inn på ein romsleg parkeringsplass og gjensynsgleda var stor, med handhelsing og godord. Den lokalkjende Martin Sørenes var utpeikt som turleiar og som bakmann hadde Johannes plassert ein førstehjelpskyndig mann med hjartestartar. For enkelte kan kanskje dette verka litt drastisk, men ein skal hugsa at det var 40 godt tilårskomne menn som var ute i ei til dels krevjande turløypa. Ja, fleire av oss var for lengst passert 80 år. Turleiar Martin Sørenes vaks opp ved Grutlefjorden og var «lommekjent» i området. Den pensjonerte likningssjefen/lokalpolitikaren viste seg snart som ein omsorgsfull og kunnskapsrik leiar, og me fekk mange små og lenger stoppar ute i terrenget. Her fekk GPT høyre fakta om denne luten av tidlegare Bremnes kommune, og spørjehugen var stor. Turleiaren tok seg god tid langs stien mellom Hestanesvegen og Stokkvika, og soger frå området om folk og busetnad vart villig delt med turvennene. Stien me gjekk var synleg påverka av mykje nedbør i haust, og hadde difor delvis glatte parti. Oppe på høgdedrag med god utsikt, vart m.a. landemerke som Sørenes, Geitung og Skotningen fyr plassert i terrenget.

Vel framme i Stokkvika var matøkt planlagt, og i ein periode med opplett mellom regnbyene kom termos og matpakke fram. Her var det kort veg over til den tidlegare eigedommen som Birger Eldøy frå Stord eigde. For oss som hadde vitja Eldøy sin ferieplass tidlegare, med heisekran, kai og båtopptak var det vondt å sjå korleis sjøen og naturkreftene hadde herja med anlegget. Turleiar Martin Sørenes og andre lokalkjente hadde fleire soger om korleis det var å ha Nordsjøen og havet som nærmaste nabo. Forteljingar om korleis folk frå denne luten av gamle Bremnes kommune, skulle koma seg til kyrkja på Svortland, før Lyklingkyrkja vart bygd, er ein del av kysthistoria vår. Roturar med mor og dåpsborn frå Grutle og Lykling nordover inn Straumfjorden til kyrkja var krevjande. Men me fekk òg forteljinga om han som dyrka seg nybrotsland her ute mellom bergknausane, stifta familie og levde av nokre få husdyr, småfiske og lausarbeid.

Turen tilbake til Hestanesvegen var på god traktorveg. Sjølv om regnbyene «kom og gjekk», fekk pensjonistane utveksla mykje felles tankegods med tre, fire i breidda. Martin hadde planlagt ein liten avstikkar ut mot neset og så inn langs stranda. Her fekk me servert mange gode lokalhistorier. Om det lokale Grutlefjord El.verk, som produserte 9 KW straum til nærområde, men som under siste verdskrig òg lada akkumulatorane til ulovlege radioar som lytta på London. Drifta av lokalbutikken, grisen som kom i vanskar under ein storstorm og busetnad i gammal og nyare tid.

Både i Stokkvika og på parkeringsplassen etter turen, fekk turleiar Martin Sørenes godord om turopplegget og gjennomføringa av turen på 4,5 km. Stor takk frå oss på Stord for ein minnerik torsdagstur som gjev gode relasjonar mellom vener.

Oddbjørn Kvålsvold

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut