annonse

Eit merkeleg (veg)vesen

FÅR ROS
FÅR ROS: Politikarane på Stord får ros av Sunnhordland på leiarplass for si framferd i saka om miljøgate i Leirvik. Her er Sverre Olav Svarstad (H) i møtet sist torsdag. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

  • Leiar

I sist veke, like før kommunestyret skulle behandla sak om miljøgate i Leirvik, kom det eit uvanleg krast brev frå Statens vegvesen, som åtvara politikarane om å opna for biltrafikk gjennom Osen. Ordbruken i brevet var såpass sterk at politikarane brukte like mykje tid på å diskutera ordlyden i brevet som sjølve saka i møtet torsdag ettermiddag. Enkelte politikarar meinte dette nærma seg trugsmål.

I brevet står Vegvesenet sin representant på sitt og etaten sine planar, og meiner risikoen for ulukker vil auka om kommunestyret held på sitt vedtak. ”At Stord kommune ønskjer å utsetta mjuke trafikantar, og særleg barn (som vil vera ein stor del av brukargruppa) for potensiell livsfare for å komma lokale næringsinteresser i møte, er ei haldning me sjeldan møter i planarbeid”, står det blant anna i brevet. Kommunestyret hadde svært liten sans for innblandinga, og stod forvaltningsstyret sitt vedtak. Dette fører til at Statens vegvesen no varslar at dei klagar vedtaket om biltrafikk i Osen til Fylkesmannen i Hordaland.

Her misforstår Statens vegvesen si eiga rolle, og framgangsmåten i denne saka er både merkeleg og uhaldbar. Dersom Staten sine vegbyråkratar skal få tura fram som dei vil, kan ein berre leggja ned heile lokaldemokratiet. Me er trygge på at eit tilnærma samrøystes kommunestyre veit kva som er best for Stord og Leirvik, og ikkje vegbyråkratar med adresse i Bergen. Dagens ros går difor til vaksne politikarar i Stord kommunestyre som overser trugsmål frå ein etat som kanskje bør ta eit par rundar med seg sjølv.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut