annonse

– Eit realistisk og ansvarleg budsjett

Budsjett
Budsjett: Koalisjonen då dei la fram sine forslag til Stord-budsjettet. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Sigbjørn Framnes kritiserer i lesarinnlegg det vedtekne budsjettet i Stord kommune, og finn ikkje fnugg av effektivisering.

Anten skriv Framnes mot betre vitande, eller så har han ikkje sett seg inn i budsjettet. Allereie i rådmannen sitt framlegg ligg det inne effektivisering på mellom anna administrasjon, løn og økonomi, heimebaserte tenester og institusjonsdrifta. Koalisjonen har i tillegg sett klare krav om effektivisering blant anna gjennom bruk av velferdsteknologi, i rådmannen sin sentraladministrasjon, på vaktmeistertenester og innanfor kultursektoren.

Innanfor skule og barnehage har Stortinget vedteke reformer som lærarnorm og krav til pedagogar i barnehagen som medfører at budsjettløyvinga aukar. Men diverre utan at regjeringa med Frp, Høgre og Venstre har følgt opp med å finansiera desse, slik at Stord kommune går om lag 7,5 million i minus takka vera regjeringa.

Det er denne manglande finansieringa frå Frp og Høgre i regjering som diverre no må gå vidare til innbyggjarane på Stord i form av auka eigedomsskatt.

Å gjera som Frp og Framnes gjer, å gå mot alle forslag til innsparingstiltak som rådmannen føreslår – med unnatak av at Frp ikkje ynskjer å setja i gong bygging av ny ungdomsskule og fleirbrukshall i Sagvåg – og i staden tenkja på eit tal millionar og finna dei med å skriva effektivisering utan å vera konkret, er ikkje ein ansvarleg måte å styre ein kommune på.

Fleirtalspartia på Stord har vedteke eit realistisk budsjett med eit overskot på 27 millionar kroner, og me er glade for å framskunde oppstarten av ny ungdomsskule og fleirbrukshall i Sagvåg.

Gaute Epland, ordførar Ap

Jakob Bjelland, varaordførar Sp

Torbjørn Brosvik, gruppeleiar KrF

Nils Magne Blålid, gruppeleiar SV

Marit Tislevoll Odland, gruppeleiar Ap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut