annonse

Eit spørsmål kring «Den høgreiste» ...

Kritisk
Kritisk: «Det kan ikkje vera tvil om Torget kunne vore gjort trivelegare på enklare vis for dei snart to–tre millionane som er brukte på skrapjern», skriv Håvard Hystad. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Den såkalla «fagkomiteen» i det kommunale system, har sagt ja til å plassera skulpturen, eller installasjonen «Den høgreiste mot havet» på Torget, midt i Leirvik sentrum. Dette etter at dei fekk sjå ein minimodell av skraphaugen, som på biletet ser ut som restane av ein slik haug med pinnar me leika med som ungar, der det var viktig å plukka vekk så mange som råd er utan å vippa dei andre vekk. Her er dei vekke. I tillegg til det er heile installasjonen lågare enn det var føresett i det opprinnelege utkastet. Og 20 tonn lettare, med avrunda kantar. (Har pullertane oppe i parken fått polstring?)

Les også: Grønt lys for torgkunsten på Leirvik

Spørsmålet i første omgang er: Er det det same kunstverket som no skal plasserast som det som vart tinga, eller er det slik at ein kunstnar kan byggja det om all den tid han har den suverene retten til å få det på plass?

Og då melder nok eit spørsmål seg: Har dei som i si tid signerte kontrakten med kunstnaren trødd feil, slik at kommunen er nærast butten på hender og føter? Eg konstaterer at ein av dei som no sa nei, representerer same parti som leiaren av Utsmykkingskomiteen den gong avtalen vart skriven. Burde det her vore med eit kapittel om kansellering?

Kunstnaren har gjort ein jobb, la han få si betaling, og ta lærdom av denne saka vidare. Kommunestyremedlemmene må her våga å setja foten ned. Dei bør ha fått med seg det veljarane meiner, og ikkje stola blindt på ein kunstkonsulent som tidlegare har uttalt at han vil kjempa for denne installasjonen, og som i tillegg har sagt frå seg oppgåva som konsulent før han likevel stilte opp og synte fram ny «modifisert» utgåve.

Rådmannen er truleg redd for at dette kan enda opp som ei juridisk nøtt, og dermed ekstra utgifter for kommunen. Ja vel, i staden for å ta den lettaste vegen ut får ein heller ta den krangelen – og skjerpa seg før neste kontrakt. Og det kan ikkje vera tvil om Torget kunne vore gjort trivelegare på enklare vis for dei snart to–tre millionane som er brukte på skrapjern. Igjen: Hent fram, og sjå om nokre av dei mange planframlegga som har vore drøfta tidlegare kan samordnast.

Håvard Hystad,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut