annonse

Eit tilbakeblikk – framover

VIKTIGE
VIKTIGE: Artikkelforfattaren meiner det særs viktig at ein tek vare på Smedholmen, og at Terje Skorpen og Einar Matre gjer ein veldig viktig innsats. (Foto: PER EGIL LARSEN / ARKIV)

Etter eit tips frå lensmann Finn Havnerås, drog Atle Tellnes våren 1975 til Fitjar for å finna ein stad der han kunne driva med kursverksemd om kystkultur, samstundes som han kunne fiska og driva eige bruk, skriv Karvel Strømme.

  • Meiningar

Atle kom frå Fana og hadde bakgrunn både frå idrett og undervisning ved Agder folkehøgskule, der han hadde etablert landets første friluftslinje innan dette skuleslaget. Det var eigentleg Straumøy han ville sjå nærare på, men før han kom så langt, var han på vitjing hos oss i Havnahagen 21 i Fitjar, då me kjende familien hans frå Fana. Eg tilbaud han skyss utover med snekka vår, men så skjedde det som ikkje skulle skje, men det me likevel kan kalla «hell i uhell».

Me fekk motorstopp like sør for Smedholmen, og blei liggjande å driva ei heil stund, og då me endeleg fekk start att, var det for seint å dra til Straumøyo. Men Smedholmen låg lagleg til, og då me gjekk i land der, var det gjort.

Søknad om leige blei sendt både til dept. og kommune, og det enda med at Atle flytta til Smedholmen med kona Sidsel og dottera Cathrine, 16. juni 1976, for å driva kystkultur, friluftsliv og sjølvberging.

Verksemda fekk stor mediedekning: Dette var noko nytt. Folk med god, gjerne akademisk utdanning, valde å flytta «mot straumen». Men kunnskapane om denne levemåten skulle og overførast til nye generasjonar, og dermed blei også leirskule ein del av prosjektet.

Elevane vart innkvarterte i store 16 – mannstelt og fekk vera med på alle aktivitetar som gjekk inn i det ein kan kalla «sjølvberging», både teoretisk og praktisk, både på sjø og land. Atle skaffa fleire båtar, m.a. ein «Hardanger spiss-stevning», ein «Ålfjordsfæring» og fleire oselvarar. I 1978 blei dei to siste «storbåtane», «potetbåtane» eller «flakabåtane» kjøpte inn til bruk på Smedholmen, den eine frå Skår i Fitjar og den andre frå Helland.

Dette var båtar som hadde frakta poteter frå Fitjar til Bergen i 100 år, og då «Torgdagane» blei skipa til i Bergen, vart det igjen potetfrakt frå Fitjar på tradisjonelt vis.

Sunnhordland skreiv: «Det var 17.-mai stemning på Fitjar då potetbåtane var lasta».

I 1982 fekk Atle Tellnes tilbod om undervisningsstilling på Telemark distriktshøgskule i Bø, for å byggja opp eit nytt studium i friluftsliv, og dei flytta då frå Smedholmen.

Eit nytt kapittel i historia om Smedholmen starta så opp att i 1985, då Einar Matre og Terje Skorpen sette seg føre å halda ved like den viktige kystkulturen med base på Smedholmen, der formidling av dei beste verdiane i ein meir naturvennleg levemåte var det viktigaste.

I eit info-skriv til Fitjar kommune stilte dei følgjande spørsmål:

«Er det verdt å ta vare på historia og kjennskap til miljøvennleg friluftsliv?»

Skrivet var vidare forma ut som eit svar på dette spørsmålet, og gav den gongen – og gjev no, i 2017, etter 30 år med Smedholmen som base, samstundes eit svært godt bilete av kva dei to eldsjelene har stått for.

I løpet av desse åra har dei fått fleire kulturprisar:

– Frå Forbundet Kysten

– Frå Hordaland Fylke

– Frå Fitjar kommune

– Frå Kleppevikfondet.

Stader som Smedholmen, med ein båt som «Seladon» og eldsjeler som Einar Matre og Terje Skorpen, har stor verdi som kulturberarar i ein mykje større samanheng enn berre Fitjar lokalt. Dei er med på å overlevera og bera vidare den kulturen Fitjar er tufta på. Det var eit slit å vera fiskar og bonde i eldre tid, t.d. i 1860, då Fitjar vart etablert som eigen kommune, men det er – trass alt – dette som er fortida vår, på godt og vondt!

Til slutt: Eg håpar det her kjem fram kva eg meiner om vedtaket som no er gjort rundt framtida til Smedholmen og til dei som driv verksemda med Smedholmen som base. Viss ikkje, må eg gjerne føya til at eg saknar ei fornuftig og forståeleg grunngjeving for dette vedtaket!

Og heilt til slutt: Det nærmar seg vinter, og ein av dei viktigaste fjellvitreglane er: «Det er ingen skam å snu!» Denne regelen bør og gjelda til sjøs!

Karvel Strømme

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut