annonse

Eit trygt Helse Fonna

: Kjersti Toppe (Sp) (t.v.) konstaterer at det no blir Stortinget som må setja ein stoppar for regjeringa sine planar om å redda akutt­funskjonar ved lokal­sjukehusa. Her er Toppe i lag med overlege Anne Catherine Skaar.
Arkiv (Foto: OLAV RØLI)

Direktørane i Helse Vest og Helse Fonna, Herlof Nilssen og Olav Klausen, har i lesarinnlegg forsikra om at helseføretaket skal leggje til rette for gode prosessar etter at den nasjonale helse- og sjukehusplanen er vedtatt i Stortinget. Dei vil fylgje alle pålegg som kjem frå Storting, regjering og statsråd. Dei vil ha ei avklaring klar lokalt før sommaren 2016. Samstundes viser dei til at Stord har eit relativt stort befolkningsgrunnlag, og ei relativ stor fødeavdeling. Dei vil ha eit robust Helse Fonna i framtida, der sjukehusa samarbeider om oppgåvene.
 
 
 
Ingen ting i innlegget tyder på eit forsvar for regjeringa sitt framlegg om å fjerne akutt kirurgi ved sjukehuset på Stord. Det er positivt. Først og fremst fordi ei svekking av kompetanse og fagmiljø sjølvsagt ville gitt eit dårlegare pasienttilbod og eit mindre robust helseføretak. Kva helseføretaket eigentleg meiner om Odda, er på den andre sida ikkje omtala. For begge desse sjukehusa sin del, er regjeringa sin plan ei ulukke. Det som vart lova i valkampen, med å sikre føreseielege tenester og politisk styring av sjukehuspolitikken, vert ikkje følgd opp. Tvert i mot har vi fått eit framlegg til nasjonal sjukehusplan om distriktsfiendtlege sentraliseringar av det basale sjukehustilbodet.
 
 
 
Statsråd Høie sitt største problem er at han ikkje har forankra sin sentraliseringsplan i fagmiljøet. Rett nok viser han til nokre «ekspertgrupper» sine råd om at akuttkirurgi ved sjukehus krev eit befolkningsgrunnlag på 80–100 000 menneske. Men desse «rapportane» har blitt grundig slakta i offentlegheita, og er ikkje truverdige for norske forhold. Den norske legeforening er krystallklar: «Faglig forsvarlighet, god beredskap og trygghet for befolkningen må veie tyngst i landets sykehusstruktur. Kombinasjonen av spesialitetene indremedisin, kirurgi og anestesi er en forutsetning for god faglig kvalitet på diagnostikk og behandling av akuttpasienter i sykehus. Befolkningen må sikres gode akuttilbud uavhengig av bosted. Velfungerende lokalsykehus er nødvendig i den akuttmedisinske behandlingskjeden.»
 
 
 
Helsedirektørane skriv at mange har vore urolege for framtida til Stord sjukehus etter at helse- og omsorgsminister Bent Høie la fram Nasjonal helse- og sjukehusplan 20. november. Det er korrekt, og det er forståeleg. At dette skal fortsette utover stortingsbehandlinga, meiner vi i Senterpartiet ikkje er tenleg. Det var jo difor vi skulle få ein nasjonal sjukehusplan, at det ikkje lenger skulle vere opp til helseføretaka om ein skulle ha medisinske nøkkelfunksjonar ved sjukehusa, eller ikkje. Dette skulle bli politisk bestemt i ein overordna nasjonal sjukehusplan.
 
 
 
No har vi fått det motsette. Ein politisk plan som føreslår kraftige sentraliseringar av sjukehusfunksjonar, men der helseføretaket skal ta avgjerda og gjere arbeidet med å involvere folket. No blir det opp til Stortinget å hjelpe Helse Fonna. Helse Fonna må bruke sine krefter på å utvikle helseføretaket til det beste for sine innbyggjarar og sine tilsette. Ikkje å greie ut ein politisk ide om at sjukehus skal bli betre eller rekruttere betre ved å fjerna kirurgane frå akuttmottaka. Senterpartiet har fremja sin eigen plan for det framtidige sjukehustilbodet i Norge. Vi meiner, som Legeforeninga, at alle akuttsjukehus må ha både indremedisin, kirurgi og anestesiberedskap som eit minimum.
 
 
 
Stortinget må setje foten ned. La det gå tydeleg fram at sjukehusa på Stord og i Odda må få behalda sine basisfunksjonar, og sikre ei betre oppgåvefordeling. Det handlar ikkje berre om pasientbehandling, det handlar og om beredskap. Tilsette treng å vite at deira arbeidsplassar og kompetanse er ønska politisk i åra framover. Det gjeld og kirurgisk kompetanse. Dette bør og vere bodskapen til helse- og omsorgsminister Bent Høie når han kjem til Stord den 15. januar.
 
 
 
Kjersti Toppe
Stortingsrepresentant Senterpartiet
Nestleiar Helse- og omsorgskomiteen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut