annonse

Elbilar og betaling på innanriksferjer

Meiningar
Meiningar: Ein elbil tek like mykje plass på ferjene, som ein vanleg bil, og bør betala deretter. Dei tek og like mykje plass på vegane, skriv Jan Hevrøy frå Stord. (Foto: ILLUSTRASJON)

  • Meiningar

Til å byrja med var elbilar fritekne for betaling på riks- og fylkesvegferjer. Ein løyste då berre billett for føraren av bilen. Dette vart det ei endring på i 2016/2017.

Då vart det vedteke at elbilar skulle betale for seg på lik linje med andre bilistar. Men dei skulle berre betale 50 prosent av vanleg biltakst. Og då var føraren inkludert i prisen. Men dei som brukte ferjekort/verdikort, fekk ikkje ytterlegare rabatt.

Dette har det vorte ei endring på no. No får elbilane ekstra rabatt om dei nyttar verdikort. D.v.s. at dei får 50 prosent rabatt oppå 50 prosenten dei allereie har fått, noko som inneber at elbilen no betalar mindre på ferjer, enn då dei ikkje betalte for bilen. Ein elbil, inkl. førar, betalar no mindre enn ein gåande passasjer. Og det kan jo ikkje vera intensjonen, når ein har vedteke at elbilar skal byrja å betala for seg.

Ein pensjonist med honnørkort, som betalar 50 prosent på vaksenbillett, får ikkje ytterlegare rabatt om dei nyttar verdikort. Det må vera likskap mellom Kong Salomo og Jørgen Hattemaker her i landet

Ein elbil tek like mykje plass på ferjene, som ein vanleg bil, og bør betala deretter. Dei tek og like mykje plass på vegane. Og slit like mykje på asfalten (svevestøv), om ikkje meir. Og når ein diesel eller bensinbil reiser med ferje, forureinar dei like lite som ein elbil.

Så innføringa av ekstra rabatt for elbilar må opphøyra like fort som det vart innført.

Jan Hevrøy

Stord

PS. Dette brevet vert og sendt Samferdsledepartementet. Statens vegvesen. Fylkeskommunen. Skyss. Samt alle tre regjeringspartia.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut