annonse

Eldreomsorg i Stord kommune

Eldreomsorg
Eldreomsorg: Stord kommune bør delta i «Leve hele livet»-reforma, og søkje statleg finansiering av eldreomsorga, skriv Sigbjørn Framnes i Stord FrP. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Regjeringa inviterer i dag kommunane til å delta i reforma «Leve hele livet». Reforma skal sikre like og gode tilbod for eldre i heile Noreg. Om ein i tillegg ser på den økonomiske sida kan dette, i kombinasjon med statleg finansiert eldreomsorg, føre til betre kvalitet til lågare kostnad. Difor bør Stord søke om å få delta i reforma og håpe at me kjem med i prøveordninga for statleg finansiert eldreomsorg.

Eldreomsorga i dag

Stord kommune leverer i dag gode tenester, men med høge kostnadar. Eit nytt tilbygg til sjukeheimen er under bygging, her skal det vere 48 nye plassar. Desse blir i langtidsbudsjettet fasa inn med 5 plassar kvart år – det vil seie at det tek nesten 10 år før alle plassane er tatt i bruk! Stord FrP meiner at dette tyder på at me er nøydde til å tenkje nytt – me har for få plassar allereie i dag!

«Leve hele livet»

Reforma har som mål at eldre skal få ei trygg og verdig alderdom, og baserer seg på kva eldre, pårørande, leiarar, fagfolk og frivillige ser at verkar godt rundt om i Noreg i dag. Målet er å skapa tenester av like høg kvalitet til eldre over heile landet. Reforma gir forbetring innanfor mat, fellesskap, aktivitet og god helsehjelp. Tidlegare reformer har ofte handla om system. “Leve heile livet” handlar om menneske og om å gje eldre mogelegheit til å meistra eige liv, der dei bur, heile livet. Reforma «Leve hele livet» består av 25 handfaste og utprøvde løysingar.

Statleg finansiert eldreomsorg (SFO)

I 2016 inviterte regjeringa kommunen til å delta i ei prøveordning med statleg finansiert eldreomsorg. Stord FrP sitt ynskje og forslag var at kommunen skulle delta, men dette vart diverre nedstemt av alle dei andre partia i kommunen. Som dei fleste no kjenner til var det berre seks kommunar som ynskja å delta i prøveprosjektet. Det staten skulle hjelpe til med var organisering, tildelingskriterium og å betala for dei leverte tenestene. I mitt døme vil eg nytta Os kommune som er deltakar i prøveprosjektet. Os er ein kommune som er samanliknbar med Stord på mange område, og ikkje minst ligg han i vårt umiddelbare nærområde. Ved oppstart 1. Mai 2016 hadde Os gode tenester på området. Dei hadde for få plassar, dette løyste dei ved å kjøpe sjukeheimsplassar frå nabokommunen Samnanger. Det nye systemet vart brukt og kjøpet vart betalt av SFO – ei klår forenkling frå tidlegare. Når den nye sjukeheimen stod ferdig i Os flytta ein brukarane attende til kommunen. I brukarundersøkingar får ein no enda høgare score på kvalitet, samstundes som dei tilsette er fornøgd. For Os kommune har dette også vore ein økonomisk suksess. Endringa har i perioden gitt ein samla positiv effekt på 90 millionar kroner for dette tenesteområdet.

Kvifor prøve ordningar frå regjeringa?

Regjeringa følgjer opp reforma «Leve hele livet» og løyver pengar allereie frå statsbudsjettet 2019. Dei har i tillegg signalisert at dei ynskjer å utvide ordninga for statleg finansiert eldreomsorg. Erfaringa frå Os gjer dette til ein gyllen mogelegheit også for Stord Kommune.

Så kva gjer me?

Stord FrP håpar at fleirtalet av politikarane på Stord no ser at deltaking i reformer frå regjeringa verkar. Innbyggjarane vil få betre tenester til lågare kostnad. Me heier på tiltak som gjer livet betre for våre eldre, ynskjer reforma velkommen og ber dei andre partia bli med!

Sigbjørn Framnes

Gruppeleiar Stord FrP

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut