annonse

Engasjement for Vikjo kan ikkje vedtakast

: Dag Jørund Lønning. (Foto: HLB)

Tre «aktivitetar» er gjengangarar i debatten om meir liv på Vikjo:
 
• Offentlege planar/planverk
 
• Bygg (eller andre fysiske konstruksjonar/lokaliseringar)
 
• Ymsande politiske vedtak om dei to føregåande
 
 
 
Men i den grad ein reduserer arbeidet for sentrumsutvikling til dei tre punkta over, kjem ein ikkje eitt steg nærare målet om «meir liv i sentrum». For det liv på Vikjo i røynda handlar om er menneske og engasjement. Då talar me om storleikar som verken kan planleggjast eller vedtakast av byråkratar eller politikarar i rådhuset.
 
 

Kjem politikk i vegen?

Engasjementet for Vikjo må få rom til å veksa fram nedanfrå, og det må kanaliserast gjennom gode verdi- og samskapande prosessar. Engasjementet er der. Prosessane er der ikkje pr. i dag.
 
 
 
Eg får med jamne mellomrom telefonar frå folk på Stord som er bekymra for stadig mindre aktivitet på Vikjo og i Borggata. Når eg utfordrar dei som ringjer til å engasjera seg, er svaret ofte at ein ikkje heilt ser korleis det kan skje. I staden viser ein til «politikarane».
 
 
 
Ein er såleis inne i ein vond sirkel, der politikk verkar å koma i vegen for folkeleg engasjement. Det burde vera motsett. Den produktive og naturlege rolle for byråkratar og profesjonelle politikarar i denne saka, burde vera å leggja til rette for og løfta det lokale engasjementet fram.
 
 

Vikjo treng eit utviklingsprosjekt

Det Vikjo treng no, og dette er langt meir prekært enn nye bygg eller delplanar for det eine eller det andre, er eit skikkeleg utviklingsprosjekt. Eit prosjekt for å gje langsiktige og godt forankra aktivitetar for utvikling av sentrum.
 
 
 
Dette arbeidet må vera eit reelt partnarskap mellom engasjerte enkeltmenneske/eldsjeler, lag/organisasjonar og andre aktørar i det sivile samfunnet, kunnskapsaktørar som kan utviklingsarbeid, næringsliv, grunneigarar og det offentlege. Prosessen må vera felles eige og felles ansvar.
 
 
 
Som første del av prosjektarbeidet bør det gjennomførast ei mobilisering, der folk blir reelt involverte og høyrde. Slikt arbeid er både kunnskapskrevjande og utfordrande, men heilt naudsynt. I 9 av 10 mislukka lokale prosjektsatsingar, er årsaka at ein har teke alt for lett på denne fasen.
 
 
 
Den siste boka mi, «Dialogbasert utvikling», handlar mykje om korleis ei mobilisering kan riggast og gjennomførast. I denne boka prøver eg meg også, etter mange års forsking på feltet, men ein gyllen regel: Den/dei som skal mobiliserast må kjenna at dette handlar om ein sjølv. Klarar ein ikkje å skapa eigarskap, vil mobiliseringa alltid mislukkast.
 
 

Mobilisering og eigarskap

Verken det tradisjonelle, offentleg initierte «informasjonsmøtet» eller dei like tradisjonelle protokollane på «høyring» gjev slikt eigarskap. Eigarskap er ikkje passiv respons på andre sine planar.
 
 
 
Eigarskap kan først utvikla seg der eg/me får rom til å skriva oss inn i, og vera med og forma, prosessen så tidleg som mogeleg: Kva kan eg bidra med? Korleis kan eg kopla mine engasjement og interesser med det prosessen handlar om?
 
 
 
Uforpliktande innspel eller utspel på ei nettside (retta mot ordførar/lokalpolitikar) om alt me manglar, fører sjeldan eller aldri til særleg utvikling. Mobiliseringsprosessen må i staden resultera i konkrete og forpliktande utviklingstiltak, kvar med eigarar og utførarar.
 
 
 
Nokre gongar er dette enkeltmenneske, nokre gongar nettverk av aktørar, offentlege og private. Det menneskelege engasjementet er både bakgrunn og drivkraft i prosessen. Fokus ligg heile tida på aktivering av menneske, men aktivering tufta på interesse, lyst, engasjement.
 
 

Skal Vikjo få nytt liv må engasjementet få rom

Mange menneske er opptekne av at det tradisjonelle by-/bygdesentrumet taper i kampen mot kjøpesenteret i samtida. Dette skjer mange stader. Det skjer fordi me – kvar og ein av oss – ikkje ser oss sjølve som utviklarar.
 
 
 
Framfor å stå opp som verdiskaparar, lar me andre verdiskapa oss. Me lar oss flyta med. Det har blitt så alt for lett å skyva ansvar over på andre. Me er rett og slett – som forbrukarar i eit forbrukarsamfunn – blitt vane med at andre gjer «det» for oss.
 
 
 
Men den einaste vegen til nytt liv på Vikjo, og i andre sentrum med tilsvarande utfordringar, er aktivt utviklingsarbeid som engasjerer og forpliktar så mange som råd. Nedgang er inga naturlov. Det handlar om val som eg og du gjer. Slike val kan påverkast og endrast. Det finst mange eksempel på at gode og rett rigga utviklingsprosessar har skapt både livskraftige sentrum, nøgde innbyggjarar og ny næringsutvikling.
 
 
 
Ser me eit «Venelag for Vikjo» som kan gå i bresjen for ein slik prosess? Og ser me lokalpolitikarar som er villige til å gje frå seg «eigarskapet» til utviklinga på Vikjo, og heller arbeider for å løfta fram det folkelege engasjementet nedanfrå?
 
 
 
Dag Jørund Lønning,
professor i nyskaping og bygdeutvikling
Rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut