annonse

EØS fremjar sosial dumping

Konserntillitsvalt
Konserntillitsvalt: Atle Tranøy. (Foto: Olav Røli)

  • Meiningar

Vår norske samarbeidsmodell har gitt oss eit velorganisert, kompetent og høgproduktivt arbeidsliv som grunnlag for oppbygging og finansiering av vår felles velferd. Som viktig premiss ligg at myndigheitene saman med partane i arbeidslivet legg til rette for eit seriøst og velregulert arbeidsliv. LO konferansen i Aker ASA konstaterer at sosial dumping og arbeidslivskriminalitet undergrev vår norske arbeidslivsmodell. Samtidig ser me at EØS med sin frie arbeidsmarknad, fri etablering og press for privatisering påfører oss stadig nye utfordringar. Seriøse bedrifter blir utkonkurrert av kriminelle aktørar, og bruk av bemanningsbyrå som spekulerer i utnytting av utanlandsk arbeidskraft grip om seg. Direktiv og dommar frå EU sett fagrørsla under press og gjer kampen for seriøsitet stadig vanskelegare. Regjeringa held seg passiv i frykt for å utfordra EU systemet, men også av di eigen arbeidslivspolitikk ikkje er stort betre.

Motstand mot EØS blir argumentert ned med grunngjeving i trongen for fri marknadstilgang til EU, i tillegg til med at utfordringane på arbeidslivsområdet kan handterast ved å utnytta handlingsrommet i avtalen og ved politiske tiltak frå regjering og storting for å demma opp mot dei negative verknadene.

LO konferansen i Aker ASA erkjenner at likeverdige konkurranseforhold og gode handelsavtalar som sikrar tollfri eksport er viktig, men ser ikkje EØS avtalen som einaste alternativ for å sikre dette. WTO regelverk og den framleis gyldige handelsavtale med EU, sjølv om denne må reforhandlast, kan representere gode alternativ. Og Norge stiller på ingen måte med dårlege kort i slike forhandlingar. Me har viktige varer EU treng, og me representerer ein kjøpekraftig marknad for eksport frå EU. Og kvifor skulle EU som forfektar frihandel byggja nye tollmurar mot Norge i strid med internasjonalt regelverk? EU har også ei lang rekke avtalar med andre land utanfor EU. Konferansen stør difor forslaget i Stortinget om ei uavhengig utgreiing av alternativ til EØS, slik at kunnskap kan erstatta frykt som vedtaksgrunnlag for vårt tilhøve til Europa.

Konferansen konstaterer at det ikkje er grunnlag for å ta påstandar frå regjeringa, NHO eller Norsk Industri om å sikra seriøsitet i arbeidslivet på alvor når dei i praktisk politikk står for det stikk motsette. Regjeringa stiller ikkje opp med effektive tiltak, og går mot forslag frå opposisjonen som kunne betra situasjonen. Arbeidsgjevarsida nektar å respektere tariffavtalte vilkår, som til dømes i saka om reise, kost og losji for utanlandsk arbeidskraft, dette trass i høgsterett sin tydelege dom i verftssaka. I staden brukar Norsk Industri EFTA sitt kontrollorgan ESA som «ankeinstans» for det dei ikkje har fått gjennomslag for i forhandlingar eller rettsvesen. ESA viser med sitt inngrep at dei med bakgrunn i EU reglar og EØS-avtalen, direkte kan påverke norsk arbeidsliv og løns- og arbeidsvilkår i Norge. Dermed blir fagrørsla pressa frå skanse til skanse i kampen mot sosial dumping og grov utnytting av utanlandsk arbeidskraft.

Konferansen viser til LO kongressen sitt vedtak om at «ILO- konvensjoner, norske tariffavtaler og norsk arbeidslivslovgivning må gis forrang foran EU-regler», og konstaterer at ESA si innblanding i norsk rettspraksis og forsvar av sosial dumping er klåre brot på føresetnader som kongressen har lagt til grunn for framleis støtte til EØS-avtalen.

Så lenge ikkje overtydande og verknadsfulle tiltak blir sett i verk for å hindra avtalen sine negative verknader for norsk arbeidsliv går LO konferansen i Aker ASA inn for å sei opp EØS avtalen.

For LO Konferansen Aker ASA

Atle Tranøy,
konserntillitsvalgt Aker ASA

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut