annonse

«Er alle opplysningar i saka komme fram?»

Bruløysing
Bruløysing: Slik ser Vegvesenet for seg bruløysinga over Langenuen. (Foto: Statens vegvesen)

  • Meiningar

Gjennom eit innlegg i lokalpressa i januar 2018 oppmodar Øyvind Halleraker sunnhordlandskommunane om å gløyma sørleg kryssing av Langenuen. Årsaka er ei innsparing på om lag to milliardar i «vegkroner» over Stord. Høyrest flott ut, men er det reelt? Eller kjem rekninga på eit seinare tidspunkt?

Det var med undring eg las høyringa om framlegget til statleg kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 Stord–Os. (Høyringsfrist januar 2017) Med utgangspunkt i denne, og framdrifta i etterkant, er det på sin plass å stilla spørsmålet. Er alle opplysningar i saka komne fram?

Ei eventuell påkopling av trafikken frå Kvinnherad mot Stord, Huglo eller Tysnes var ikkje omtala (var ikkje med i bestillinga, ref. Signe Eikenes). Eg skal ikkje utdjupa dette noko meir sidan mange alt har uttalt seg om å tenkja heilskap for Sunnhordlandsregionen.

I konsekvensutgreiinga står det ingenting om at dersom ein vel alternativ B så vil ein for all framtid hindra eit framtidig uttak av gabbrostein frå Raunholm. Oppe i fjellet ligg det om lag 300 millionar tonn stein truleg til ein verdi av mellom 8–10 milliardar kroner. Detaljplanar for anlegget ligg der. Ein gong i framtida vil anlegget kunna bli realisert. Det er snakk om 30–50 arbeidsplassar i 50 år. Noko som vil gje både kommune og grunneigarar gode inntekter. Ved å leggja tunnel og brufeste slik som skissert, vil desse planane aldri kunna bli realisert. Dette er litt til ettertanke når politikarar ein gong i framtida må sjå seg om etter «den nye olja» (les nye arbeidsplassar.)

Viser til ei lenkje frå VG der ein har eit perspektiv på dei verdiane som ligg i norske steinressursar.

Signe Eikenes vart noko «forfjamsa» då eg la dette fram under høyringa i Kulturhuset på Stord 7. desember i 2016. Steinressursane i fjellet ovanfor Raunholm var ukjent for henne. Det er også til ettertanke at verken Stord eller Fitjar kommune i 2017 har nemnt steinressursane ved Raunholm i sine saksutgreiingar i høve dei to brukryssingsalternativa. Er lokalkunnskapen borte? Eller er det eit motiv for dette? For fellesskapet er det viktig at alle opplysningar om dei ulike alternativa kjem tydeleg fram. Deretter må ein vurdera kva som er det mest samfunnstenlege i eit notids og framtids perspektiv.

John Karsten Raunholm,
Raunholm, Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut