annonse

«Er drosjenæringa ein «klamp om foten» for Stord?»

Debattant
Debattant: Stord Taxi skal driva med drosjetransport og ikkje vaktmeistertenester for kommunen, skriv Kjell Larsen (t.v). (Foto: Ingvild Eide / arkiv)

Ope brev til ordførar Gaute Epland.

  • Meiningar

Nok ein gong må Stord Taxi flytta vekk frå kaien der dei har hatt haldeplassen sin sidan mars 2016.

Årsaka til detta er at dei nye eigarane skal nytta plassen til andre formål, slik at «heilskapen for bygget får ei kvalitetsheving».

Kommunen er forplikta til å hjelpa til med å få på plass ein høvande stad for ein drosjehaldeplass, denne bør ha som formål at både brukarane og dei andre samferdsels-punkta er funksjonelt knytt til haldeplassen. Dette for at ein skal kunne oppretthalde ein best mogeleg kontinuitet i trafikken, som då sjølvsagt genererer ei fornuftig og god avkastning økonomisk, både for drosjenæringa og andre i nærleiken. Det må også takast omsyn til ei rett konkurransefordeling når det gjeld plassering av ein haldeplass, sidan det er to drosjeselskap på «Sommarøya Stord»

I skrivande stund har ikkje Stord kommune klart å få i stand ein plass til Stord Taxi, som skulle vore ute av lokala for nokre veker sidan, men har fått utsett dette på ubestemt tid. Dette er ei nokså openberr forklaring på kva slag respekt leiarskapen i kommunen har ovanfor drosjenæringa! Dette vil eg meina byggjer mykje på uvitskap til kor viktig samfunnsmessig næringa er, 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Det er ingen andre transportørar som har så mange ulike former innan personbefordring som drosjane, i tillegg til at det genererer ei betydeleg mengde arbeidsplassar, for ikkje å gløyma skattar og avgifter til fellesskapet. Denne haldeplass-problematikken er heller ikkje noko nytt, då dette faktisk har gått igjen kvar gong haldeplassen har måtta flytta på seg.

Eg har ved fleire høve tenkt på kva som kan vera årsaka til at kommunen ikkje har klart og leggje til rette ein høveleg plass for denne viktige serviceinstitusjonen i samfunnet.

Politikarane og forvaltinga gjennom tidene har tatt altfor mykje omsyn til «presteskapet», spesielt på «Vikjo». Ja, sjølvsagt skal me ha utvikling på «Vikjo» og andre plassar i kommunen. Men «Vikjo» er eit godt eksempel på kor dårleg kommunen har planlagt, noko som gjengir seg i dårleg struktur, både visuelt og funksjonelt. Ein kunne gitt fleire eksempel på dette, men eg skal halde meg til eitt eks: Inngangs- og utgangsdøra til «Vikjo» er utan diskusjon kaien, der båtar og bussar kjem og går. Og då må ein kunna lura på kva ein køyreskule har nede på hurtigbåtterminalen å gjera, som opptar alle lokale og parkeringsplassar, og der det burde vore ein kafé der ferdafolket og andre, mens dei ventar på båt eller buss, kunne fått seg ein matbit. Denne køyreskulen kunne eventuelt vore, eks på Vabakkjen (saman med vegvesenet).

Slik eg har forstått det, vil rådmannen plassera Stord Taxi oppe ved Rådhuset, i samband med «kebaben» slik at dei også får eit offentleg toalett som Stord Taxi skal ta ansvar for og ha tilsyn og vask av. Dette synest eg er eit merkeleg forslag frå rådmannen. Stord Taxi skal driva med drosjetransport og ikkje vaktmeistertenester for kommunen. Området er uansett lite eigna, med omsyn til å ha oversikt over båtar og bussar. Ein vil også komma i konflikt med «miljøgata» når den tida kjem.

Oppe i Borggata, vis á vis Narvesen, der korttidsparkeringa var i si tid kunne vore ei brukbar løysning, slik at ein måtte køyre rundt for å komme til sentralen. Dessutan ville ein ha betre kontroll med bussar og båtar når dei kjem til «Sommarøya Stord». Det er og viktig at ein tek omsyn til trafikkstraumen frå båt og buss, i tillegg til folk som kjem frå uteplassane. Spesielt når me har to drosjesentralar som skal konkurrere om køyring!

Nede ved hurtigbåtkaien der korttidsparkeringa er, vil også vera ein høveleg plass til ein haldeplass, ved å prioritera nyttekøyretøy framfor privatbilismen vil eg meina.

Der som ferjelemmen i si tid var ved «Hauglandsbua», står det i dag eit «boss-skap» til framsyn for ålmenta, noko som på «varme» dagar luktar ufyseleg og naturleg nok inviterer både høgtflygande og lågtgåande skapningar der folk ferdast. Me har eit ypparleg tilbod frå Kirkens Bymisjonen i dag som hentar avfall frå bedrifter etter avtale, og på bakgrunn av dette kan eg ikkje «fatta og begripa» kvifor kommunen vil ha eit slikt «rom» ståande. Men det er vel her også skilnad på «Kong Salomo og Jørgen Hattemakar». Dette hjørna kunne også vert eit tilfredsstillande område for ein haldeplass. Men det er tydelegvis viktigare å ha ein masse søppel til framsyning for folket ...

Ordførar, du burde teke deg ein tur til nabokommunen i nord, Os, og sjå på korleis dei har bygd opp drosjesentral der. Og slik som kommunen har løyst haldeplassane for Stord Taxi i mange år, kan det berre oppfattast som om dei er ein «klamp om foten»

No får ein håpa at kommunen, med ordførar i spissen, vil bruka reint «bondevit», og skapar ei god løysning, både for brukarane og næringa.

Kjell Larsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut