annonse

«Er Hordfast ei realistisk prioritering akkurat no?»

Halleraker er tilsett og løna av NHO for å driva fram Hordfast. Altså berre eit ansvar
Hordfast: Få oppstart på prosjektet, eller stå utan jobb, skriv Øyvind Hardeland. (Foto: Statens vegvesen)

  • Meiningar

Svar til Øyvind Hallerakers lesarinnlegg. Er dette realisme?

Halleraker syner til at brusambandet vil gje formidabel trafikkvekst. Korleis kan han dokumentera dette veit ikkje eg. Trafikkprognosen som er utarbeida tek ikkje omsyn til den høge bompengeprisen som bilistane lyt betala. I dag går det om lag 3.000 bilar over dei to ferjeleia Halhjem-Sandvikvåg og Halhjem-Våge. 17 prosent er næringstrafikk og 70 prosent av persontrafikken er fritidsreiser. Vidare er det ein føresetnad at trafikkveksten i og omkring dei store byane skal takast gjennom styrkja kollektivtilbod, sykkel og gonge. Denne føresetnaden gjeld også for trafikken som kjem inn til Bergensområdet frå sør og difor er dette også ein føresetnad for planlegginga av Hordfast. Det kjem klart fram i saksframlegg og vedtak i fylkesutvalet den 22,02 2017.

Det er laga ein eigen rapport om korleis trafikkveksten kan handterast med kollektivreiser. Så trafikkveksten som Halleraker snakkar om er meir ein draum enn ein realitet uansett kva rapportar han kjem dragande med. Statens vegvesen og prosjektet Hordfast må halda seg til nasjonale føringar for trafikkvekst og klimatiltak. Difor er føresetnaden for ein vesentleg finansiering av Hordfast gjennom bompengar og auka trafikkvekst gjennom Bergensområdet totalt urealistisk.

Det var også nemnt at bompengeprosjekt som går/ gjekk bra. Underteikna sit i styret for Hardangerbrua og Halsnøysambandet. Her må innkrevjingstida utvidast med fleire år for å koma i mål. Utanom Hordfast har me følgjande bomprosjekt. E 16 Stanghelle- Voss med første prioritet, E134 og E39 Vågsbotn – Klauvaneset.

Arbeidarpartiet stør målsettinga om ferjefri E39, men me har sett klare føresetnader for den vidare gjennomføringa av prosjektet. Det er staten som må ta hovudansvaret for bygging og finansiering av riksvegane også her i Hordaland. Det vart elles vist til at underteikna var med på vedtak i fylkestinget 13. desember 2017. Det var ikkje eit vedtak, men ein Høyringsuttale.

Det er regjeringa som har kravd vesentlege kostnadsreduksjonar før ein kan gå vidare med Hordfast. Så får tida visa om regjeringa meiner at prisen på 35 milliardar er lågt nok og om den er realistisk. (planleggings midlar kan kanskje til slutt dreia seg om 1 milliard.)

Samtidig gir regjeringa skattelette og driv svelteforing av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har knapt pengar til dagleg drift, og for ikkje å snakka om etterslepet på 7,3 milliardar. Dette vil ikkje fylkeskommunen makta å

ta inn att, utan løyving frå staten. Hastar at regjeringa kjem på banen her. Etterslepet aukar dag for dag.

Verkar for meg at dette prosjektet skal køyrast uansett og kanskje med litt panikkaktig takter. Dette er ikkje bra.

Halleraker er tilsett og løna av NHO for å driva fram Hordfast. Altså berre eit ansvar: Få oppstart på prosjektet, eller stå utan jobb.

Til slutt: Som politikarar har me eit heilt anna ansvar. Me bør stoppa opp og prioritera. Vår største utfordring i åra som kjem er å sikra trygge og tenlege fylkes- og riksvegar gjennom auka vedlikehald, rassikring med eit bra miljø og sikra den investerte vegkapitalen. Gigantprosjektet får venta til dette er gjort.

Øyvind Hardeland,
fylkespolitikar Ap

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut