annonse

Er Noreg i ferd med å bli eit ekspertvelde?

: Professor Dag Jøund Lønning synest det er rart at ikkje fleire stiller spørsmål ved såkalla sekspertar sine rapportar, som han meiner er ein fare for demokratiet.
(Foto: HLB)

Nok ein «ekspertrapport» er framlagt. Denne gongen frå det såkalla «Rattsø-utvalet». Media står i kø med oppfølgingssaker, og politikarar diskuterer for og imot.

Ingen stiller derimot spørsmål ved kva denne forma for meiningsskaping gjer med demokratiet vårt.
 
 

Inflasjon i «ekspertutval» med sitjande regjering

Bruk av «ekspertutval» og «ekspertkommisjonar» i viktige samfunnsspørsmål er på ingen måte nytt i Noreg. At ei gruppe nøye utvalde meritterte menn og, etter kvart, kvinner, kjem saman over hovuda på resten av befolkninga og produserer «sanningar» om spørsmål som vedkjem oss alle, er ikkje uproblematisk i eit land som forfektar å vera verdsleiande på demos kratos – folkestyre.
 
 
 
No er det likevel verre enn nokon gong. For den sitjande regjering har det nærast gått inflasjon i bruken av slike kommisjonar. Det synest heller ikkje å vera grenser for kva ein meiner «vanlege» folk ikkje har greie på og ikkje skal uttala seg om.
 
 
 
Skal eksperten bestemma kva me skal leva av og kor mange menneske som skal bu i ein kommune?
 
 
 
I fjor fekk me såleis ein «ekspertrapport» om kor mange menneske som skal bu i kommunane våre. Minimum 20 000 var konklusjonen. Dette hadde «ekspertane på feltet» kome fram til, og slik var det. At store område av landet knappast har ein einaste kommune som når opp til dette talet, syntest irrelevant.
 
 

Ekspertrøysta er eit partsinnlegg, ikkje sanning

Denne gongen handlar det om kva «me» skal leva av framover, og kva som er «samfunnsøkonomisk lønsamt». «Ekspertane» har tydelegvis større rett til å definera dette enn resten av befolkninga. Og kva med resultatet? Vel, at denne kommisjonen landar på at landbruk og distrikt og sånt (samt alt det som ikkje kan teljast og vegast) stort sett er til bryderi, og at lukka først kjem når heile landet er slått saman til store byregionar, er like overraskande som at julenissen er mest synleg i norske butikkvindauge ved juletider.
 
 
 
Her kan det nok skytast inn at det finst nok av alternative «ekspertrøyster» som både vil kunna visa landbrukets heilt avgjerande samfunnsøkonomiske betyding for Noreg, samt kunna peika på at det enno ikkje er lagt fram eitt einaste prov på at satsing på store byregionar kjem distrikta til gode. «Ekspertkommisjonar» er partsinnlegg og ikkje «sanning». Ekspertar vil alltid vera ueinige seg i mellom. Media vil alltid finna alternative ekspertsyn (i forhold til rapporten som er lagt fram no, vil dei finna MANGE alternative ekspertsyn). Og då er det underleg at eit let slike kommisjonar få så stor plass.
 
 

Framveksten av ekspertveldet undergrev det norske demokratiet

Me treng meir demokrati i Noreg, ikkje mindre. Langvarig sektorisering med tilføring av meir og meir makt til ikkje folkevalde sektorar undergrev demokratiet. No ser me og framveksten av eit «Meritokratur» – eit styresett der dei meritterte ekspertane får bestemma stadig meir. Dette undergrev folkestyret ytterlegare, og gjer at avstanden mellom menneske og makt akselererer.
 
 
 
Det er bekymringsfullt lite demokratisk opposisjon mot denne utviklinga. Når leiaren av det siste ekspertutvalet offentleg oppmodar til «politisk brutalitet» – som knappast kan lesast annleis enn som ei oppmoding om overkøyring av folkemeininga – for å pressa ekspertane sine tilrådingar gjennom, er det framleis ikkje noko utrop å registrera.
 
 
 
Samfunnet treng «eksperten» eller forskaren. Men som gruppe skal vår rolle vera å forsyna den offentlege debatten med kunnskap og kreative innspel, ikkje å konkludera om korleis andre menneske skal leva liva sine. Når det gjeld dette siste, veit den best kor skoen trykkjer som har han på.
 
 
 
 
Dag Jørund Lønning,
professor i nyskaping og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut