annonse

Etablering av nye arbeidsplassar på Stord

Ja til arbeidsplassar
Ja til arbeidsplassar: Styret i LO Sunnhordland, her ved leiar Mohammed Kallel, meiner det vil vera rett å leggja til rette for biogassanlegg i Sagvåg. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

LO Sunnhordland har med ei viss undring registrert debatten kring etablering av ny verksemd i form av biogassanlegg i Grunnavågen på Stord. LO Sunnhordland vil på det sterkaste åtvare mot å setje seg i ein situasjon der alle formar for etablering av næringsverksemd framstår som mest umogeleg.

For oss i LO Sunnhordland er det viktig at det vert lagt til rette for nye arbeidsplassar i heile regionen vår og kanskje særleg på Stord som i aller størst grad er avhengig av ein konjunkturavhengig leverandørindustri.

LO Sunnhordland ser det difor som ein fornuftig strategi frå Stord kommune si side å leggje til rette for ei etablering av eit biogassanlegg i det eksisterande industriområdet i Grunnavågen. Stord har alle føresetnader for å få dette til, ikkje minst med tanke på at ein allereie har all infrastrukturen på plass for å distribuere gassen.

Styret i LO Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut