annonse

Faktasjekk om FRI sin uttale angåande Pride på Stord

Heftig debatt
Heftig debatt: Korleis har det seg at SU på Stord sin pride logo er lik pride logoen til FRI, om dei ikkje har nokon kobling? spør brevskrivarane. (Foto: ARKIV)

  • Meiningar

FRI brukte ikkje mange timane på å komme med eit motsvar då lesarinnlegget: «Stopp Fri sin ideologi vart lagt ut. Først seier FRI: «Det teiknast eit skremmande bilete av FRI som ei rørsle med ein klar «[---] politisk og samfunnsendrande radikal agenda.»» Med andre ord seier dei at dette har dei ikkje.

Fri sitt Arbeidsprogram ligg på nettsida deira, og er retta mot å endre lovverket i landet. Det omfattar svært mykje. Her er eit av mange punkt. «FRI skal jobbe for: At det innføres et tredje likeverdig juridisk kjønnsalternativ i tillegg til mann og kvinne.»

FRI si politiske platform er stor, her er eit lite sitat frå den: «Seksuell orientering handler ikke bare om hvilke(t) kjønn orienteringen går mot. For noen av oss er fetisjisme eller bdsm-utøvelse også en viktig del av den seksuelle identiteten, som må utvikles og utforskes i trygge rammer uten påføring av skam, sykeliggjøring og stigma».

Forklaring på ordet Fetisjime: Seksuell fetisjisme er seksualitet der konkrete gjenstander, handlinger eller ideer blir tillagt seksuell tiltrekningskraft: Eksempel på dette er: Bruke bleie. Behandlet som baby. Kvelning / begrenset tilgang på luft. Biting. (Wikipedia)

Bdsm-utøvelse: Det er ein samlebetegnelse for blant anna maktbruk og fysisk kontroll, audmjuking, påføre smerte, osv. (Engelsk Wikipedia)

FRI sine handlingsplanar: har til overskrift: «Politikk påvirker lhbti-personer og andre skeives liv der de er og bor. Derfor er det viktig at det politiske arbeidet forankres lokalt. FRI mener det er viktig at alle kommuner og fylkeskommuner arbeider med handlingsplaner for å styrke kunnskapen om kjønnsmangfold og rettighetene i forbindelse med seksualitet, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskategorisering. Det finnes flere offentlige handlingsplaner for kjønns- og seksualitetsmangfold i Norge, her er noen: Regjeringen, Oslo, Bergen, Stavanger, Hadeland – kommer snart»

FRI sine Resolusjonar står og på heimesida. Hovudoverskriftene der er: Surrogati. «Familiepolitisk strategi. Respekt og anerkjennelse for transpersoner. Alle har rett til et godt og tilpasset helsetilbud. Resolusjon om lhbtiq-flyktninger. Respekt for LHBT-personer i bistandspolitikken.»

Er dette ei røyrsle med ein klar politisk og samfunnsendrande radikal agenda? Det er heilt tydeleg!

FRI seier at det er vondt å lese motinnlegg, og speler dermed på følelsane til lesaren. Dei seier vidare: «Når nokon ikkje lengre ønskjer å bu i bygda si, fordi dei er redde for at naboar ikkje skal ta dei i mot som dei er, så treng vi pride.» Med andre ord seier dei at pride er den beste løysinga om nokon ikkje føler seg inkludert. Det er det mange som er ueinige i. Til og med FRI seier at: «Også innenfor det skeive miljøet er det motstand mot prider. Noen mener at pride fokuserer for mye på seksuell orientering og mangler diskresjon, noe de mener er ødeleggende enten for offentlig moral eller for homosaken. De foreslår ofte å i stedet kjempe for bedre integrering i kulturen generelt.» Å sei at all kritikk av FRI eller pride er kritikk av homofile, er ikkje sant. Det er ordbruk som vil påføre skuld og skam på dei som argumenterer mot ein agenda som også homofile ikkje er med på.

Fri seier: «Det er ikkje slik at FRI ønskjer å gjere heterofilt samliv «nedgradert og kritisert,» som er ein av konklusjonane i Stopp FRI sin ideologi.» Samstundes står det mellom anna på deira side: «FRI skal i ALLE sammenhenger være en AKTIV bidragsyter i arbeidet med å bryte ned negative konsekvenser av heteronormative kulturoppfatninger. FRI skal innta en tydelig posisjon i spørsmål knyttet til kjønn, seksualitet , kjønnsuttrykk og negative virkninger av heteronormativitet...» Her snakkar Fri mot seg sjølv, dei har ein vedtatt klar agenda mot hetrofilt samliv.

Fri seier at: «Pride er ikkje berre ei feiring av kjærleiken. Pride er ein kamp for at alle menneskje skal få uttrykkje seg, leve, elske og vere ein del av lokalsamfunn over heile landet. For retten til fridom og tryggleik for dei aller mest sårbare av oss, er nettopp grunnen til at det arrangerast pride.» Det er mange svake i samfunnet vårt, som vi bør kjempe for. Men å arrangere marsjar med seksuell promotering har ikkje noko med kampen for dei svake å gjera. Det skaper ikkje sympati. Tvert i mot. Mange meiner at homofile er elska av Gud, som alle andre, utan at ein vil gå i eit slikt tog. Å fremje at dei som ikkje støttar pride er i mot homofile er ein alvorleg form for manipulasjon.

Fri seier også: «Faktaopplysing: Pride på Stord er eit privat initiativ som vert arrangert uavhengig av FRI.» Då må vi spørje. Korleis har det seg at ein skriv eit par linjer over, at pride er ein kamp for menneskje over HEILE landet? Då er vel pride på Stord med i ein større landsdekkjande kamp? Kven står bak denne kampen?

På FRI si heimeside (Som bærer preg av at det er dei som har patent på pride i Noreg) står følgjande: «Alle FRIs Pride-festivaler har et felles tema som danner utgangspunkt for årets festival.» Årets tema er familie. Korleis har det seg at pride på Stord også har familie som tema, om dei ikkje er ein del av FRI sine pride festivalar?

Korleis har det seg at SU på Stord sin pride logo har bokstavar som liknar på bokstavane i FRI sin logo, om dei ikkje har nokon kobling?

FRI satsar på lokale pride markeringar: dei seier følgjande: «Feiring av Pride i Norge:

Stadig flere lokale Prider dukker opp i vårt langstrakte land! … Er det første gang dere tenker på å lage Pride, så ikke gap for stort. Sats på en markering en lørdag formiddag for eksempel. En parade, en konsert, en fest eller noe annet som kan samle folk og sette lys på en viktig sak. Et tips er å snakke med andre FRI fylkeslag som har arrangert Pride før – der er det mange gode råd å høste.» Stordapride ser ut til å være ein del av FRI sin pride bevegelse. At det er lokale som står for den, betyr ikkje at den er adskilt frå FRI. Sjølvsagt er FRI avhengig av lokale krefter for å få arrangert pride. FRI kan likevel stå bak pride på Stord, slik dei gjer alle andre plassar i landet. Dette ser vi også klart då FRI trør til på timen, når det kjem eit lesarinnlegg mot Pride.

Med dette meiner vi det er klart at det vert feil om kommunen heiser regnbogeflagget, støttar pride og FRI som står bak pride.

Bjarnhild Sjo Lygre

Geir Martin Økland

Gunn Sørensen

Jens Thoresen

Ingolf Johnsen

Ingunn Mikalsen

Kjell Ove Hansen

Liv Bod

Magne Sakseid-Nakkeid

Stein Arild Gjerde

Steinar Simonsen

Willy Kai Ersland

Ørjan Johannesen

Ingvild Nordfonn

Knut Arve Nordfonn

Marit Aas

Marie Notland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut