annonse

Farleg for syklistar

Farleg
Farleg: Gisle Tjong er ein ivrig syklist, men er uroa over alle slaghola i asfalten, som fleire gonger har øydelagt sykkeldekka hans. (Foto: Magne Kydland)

  • Lesarbrev

Eg registrerer mykje slaghòl i asfalten overalt. Ikkje så alvorleg for bilistar kanskje, men desto meir for folk på sykkel. I litt stor fart går det garantert eit framhjul i det, om du køyrer rett ned i eit slikt. Det har eg gjort mange gonger. I verste fall kan det vera fatalt.

Dette er eit stort problem, både på Stord og Bømlo.

Eg kan takka ein møtande bilist for at det ikkje vart utfallet i ein bratt nedoverbakke mellom Sakseid og Høvik nyleg. Han visste nok kva problem eg ville ha kome opp i, om han ikkje hadde senka farten, nær sagt til gangfart. Slikt gløymer ein ikkje, burde vore gjort noko med.

Såg nett overføring frå NM landevegssykkel i Sandefjord. Flotte drone-bilete. Heilt sikkert over 100 stader i den 16 km lange løypa, at ein hadde reasfaltert. Veldig lett forståeleg. Køyrer feltet over ein slik stad, ender det ALLTID med massevelt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut