annonse

«Fatale feilvurderingar»

Teikning
Teikning: Lars Slettebø.
Teikning
Teikning: Lars Slettebø.
Teikning
Teikning: Lars Slettebø.

Som ei ansvarleg mor så har eg alltid tenkt at det er viktig å lære borna å symje og ferdast i vatn, noko som gjer at me må titt og ofte gå i det lokale badeanlegget, skriv Maria Solheim Thorsen.

  • Meiningar

Særleg minnast eg tilbake til det eine besøket i symjehallen då eg skulle prøve sklia med mellomste mann. Eg vil anta at han var rundt tre år på dette tidspunktet. Ein fantastisk alder der dei synest alt kjekt og dei syntest til og med det er ekstra stas når mor er med! Det gjer ei leiken mor glad i hjarterota.

Det er no eingong slik at dersom du har fødd nokre ungar etter kvart, så gjer det noko med deg både fysisk og psykisk. Den fysiske endringa gjer utslag i at badetøyet som du kjøpte tidleg på 2000-talet ikkje sit som eit skot lenger. Den psykiske endringa gjer meir utslag i at du tenkjer litt for ofte «Skitt au, det går sikkert fint..» Diverre så utgjer dei to kombinasjonane ofte katastrofalt utslag.

I forkant av badeøkta så hadde mor lidd valet sine kvaler: Skulle eg gå for den trygge badedrakta, eller skulle eg velje ein romsleg bikini med knyting? Underteikna gjorde eit tappert forsøk på å komme seg i badedrakta, men det forsøket tok 10 strevsame minutt. Då eg kikka i spegelen etterpå såg eg ei 68 kilos samansurra spekeskinke. Om eg syntest det tok tid å komme seg inn i badedrakta, så vart det enda verre å komme seg ut att. Minnast å hugse at eg måtte involvere ekstra familiemedlemmar og eitt brekkjern før eg var sleppt fri. Mor enda altså opp i bikini.

Teikning
Teikning: Lars Slettebø. Foto: -

Så der stod me då, på toppen av sklia. Eldstemann sklei fyrst av garde og ho mor sette seg godt til rette med treåringen mellom beina. Eg var ikkje vidare imponert over eldstemann sin fart, så eg tenkte at her var det best å skubbe godt frå. Eg ynskte jo at treåringen skulle få ein gøyal tur, kan de vita. Trass i at mor er utdanna lærar, så gløymde ho å rekne med gravitasjonskrafta då ho skubba frå. Gravitasjonskrafta gjer sitt til at gjenstandar, eller menneske i dette tilfelle, som veg ein del eller har stor masse, vil trekkjast hurtigare og kraftigare nedover enn eventuelt ein som er mindre. Eg antar at det ikkje var treåringen si tunge badebleie som gjorde utslaget her. Me fekk nemleg særdeles god fart.

Vasspruten stod opp langs kantane og mor prøvde forgjeves å halde litt igjen. I staden auka farten då me runda eine svingen. Eg tok diverre nok ei feilvurdering og strekte ut beina for å prøve å seinke farten. Det som hendte då var at mor bremsa opp litt, men treåringen opprettheldt god gli og sklei ein halvmeter forbi mor. Der og då må ein berre akseptere at ein har teke nok ei dårleg vurdering. Treåringen suste av garde og ned i bassenget, diverre så kom mammo som ein torpedostupar rett bak. Med god hjelp frå tyngdekrafta så trefte eg både vassflata og treåringen med fart og slagkraft som torpedostuparen.

Også er det ofte slik at når ein trur at noko ikkje kan bli verre, så gjer det akkurat det. Eg syntest det vart noko luftig mellom beina i det eg prøvde å få tak i ein uskuldig gispande treåring. Eg kjente noko som glei ned langs leggen min. Eg fekk røska tak i ungen akkurat i det eg innsåg at bikinvalet hadde vore feilvurdering nummer fire denne dagen. Rett nok er damer gode på multitasking. Eg må likevel seia at å hente fram ein treåring under eiga rumpe, i tillegg til at ein skal redde ei bikinitruse på veg mot bassengbotnen - det vart nesten litt i overkant.

Teikning
Teikning: Lars Slettebø. Foto: -

Eldstesonen min såg på oss med store auge, han lurte nok på kvifor eg plaska slik med lettare panikk i augo. Treåringen ytra sjølvsagt sin misnøye med å få mor i skallen, han gurgla og grein om ein annan, medan mor prøvde å trøyste mellom desperate symjetak. Endeleg snudde uflaksen, i all kavinga hadde bikinitrusa blitt virvla rundt, så eg klarte finurleg nok å fiske ho opp mellom tærne. Eg trur aldri før eg har følt ein slik lette! Treåringen måtte beint fram duppe litt på eigehand medan mor fekk knytt fast bikintrusa igjen. Dette reknast som skadeavgrensing, mor tok her ei iskald vurdering av at det heldt med eitt traumatisert barn i symjehallen denne dagen. Berre tanken på å byrje å dykke etter mi eiga bikinitruse gjer meg indre bilete som ingen vil ha.

Heldigvis så enda denne historia godt. Både mor og barn har lært av mine fatale feilvurderingar. Eg har kome fram til at badedrakt er eit godt val om ein skal i vassklier. Det er trass alt mykje lettare å hente ut igjen badedrakta frå eigen endetarm enn å hente opp igjen bikintrusa frå botnen av bassenget. I tillegg så har treåringen min lært noko. Det er tydeleg at denne vesle hendinga har sett sine spor. Neste gong me var i symjehallen såg han nemleg alvorleg på meg før han sa «Ek trur da er best at ek siler sjøl Mamma!»

Maria Solheim Thorsen (33 1/2),
Stord. Trebarnsmor, lærar, MOT-informatør og skriveglad

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut