annonse

«Feilslått Nav-politikk»

Kritisk til Nav
Kritisk til Nav: «Nav er slik at viss du følgjer straumen er dei nøgde, men det hjelper ikkje deg som er arbeidsledig», skriv Bjørn Øystein Waage. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Før var det slik at var du arbeidsledig, kunne du gå på arbeidskontoret og få hjelp til f.eks. å ta eit kurs eller lettare påbygging av din kompetanse, skriv Bjørn Øystein Waage.

  • Meiningar

Arbeidskontoret betalte kurs og transport om naudsynt. Arbeidsledighetspengene kom som normalt inn på konto.

I dag er det slik at viss du vil ta eit kurs eller noko som kvalifiserer deg til ein jobb, må du betale dette sjølv, og du får ikkje dagpengar mens du tar dette.

Du må søkje Statens lånekasse om lån for å ta dette kurset eller liknande (for det er jo utdanning, seier dei).

Det burde vera i alle si interesse å få ein person ut av ledighet og inn i jobb.

Ein som er arbeidsledig vil ikkje ha meir lån for å ta kurs og pengar til å leve for i ein periode. Velkommene er kanskje overbelånt frå før av også.

Det verkar som om ein på død og liv ikkje skal gje noko varig hjelp til dei som treng det.

Mange vel nok difor å ikkje gjera noko og håpe at det snart kjem ein jobb til dei. Og etter eitt år hamnar dei på tiltak, der kan staten bruke pengar på deg.

Så viser det seg at då får du iallfall ikkje jobb ...

NAV er slik at viss du følgjer straumen er dei nøgde, men det hjelper ikkje deg som er arbeidsledig.

Slutt med desse tiltaka, og gje heller folk kurs/påbygging. Ikkje ver så redde for at nokon skal nytta seg av fri utdanning (det er uansett berre eit fåtal). Slik systemet er no sløser ein bort mykje pengar på alt mogeleg som ikkje verkar, men som ser bra ut på papiret.

Å gje nokon varig hjelp i form av utdanning hindrar kanskje at vedkommande ikkje kjem i den køen seinare i livet.

Bjørn Øystein Waage,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut