annonse

«Ferjefri E39 kraftig forseinka»

Hordfast
Hordfast: Prosjektet er kraftig forseinka, det blir foreslått ei utsetjing på 17 år i høve til det regjeringa Solberg la fram i 2013, skriv Kjellbjørg Lunde. (Foto: Statens vegvesen)

Signala har vore tydelege lenge, store kostnader har gitt uvisse om prestisjeprosjekta, og no er den nye strategien presentert, skriv Kjellbjørg Lunde (SV).

  • Meiningar

Det skjedde på Gardermoen 6. februar, på eit seminar for fylkeskommunane langs E39. Prosjektet er kraftig forseinka, det blir foreslått ei utsetjing på 17 år i høve til det regjeringa Solberg la fram i 2013. Då var ambisjonen innan 20 år, prislappen på heile strekninga 150 milliardar, men som auka til 340 milliardar på tre år.

I dei to førre transportplanane for 2010 - 19 og 2013 - 23 var ambisjonen den same; 20 år. I den siste, frå 2018 til -27, behandla i Stortinget i fjor vår, var målet det same; E39 skulle framleis bli ferjefri, men det blei ikkje sett årstal for når det skulle skje. Økonomisk handlingsrom, teknologisk utvikling og tempoet i planlegginga skulle styre utviklinga. Statens vegvesen ( SVV ) har gjort sitt for å kutte kostnadene, men prisen blir for høg. Tydelege signal frå departement og vegvesen tilseier at stortingspolitikarane var klar over at dette ville skje. Leiaren i kommunikasjonskomiteen seier til Klassekampen 20. februar, bl.a. –« at endring i framdrift var naudsynt.»

Det er tydeleg at mange, inkludert regjeringa, har innsett at ambisjonane har vore for høge, realitetsorienteringa tilseier at dette kostar for mykje, no må det prioriterast !

Opplysningskontoret for vegtrafikken gjekk nyleg ut og sa at ein del prestisjeprosjekt i vegsektoren godt kan vente. Rådet tok i staden til orde for å bruke meir pengar til vedlikehald av eksisterande vegar, bruer og tunnelar.

Alt dette er gledeleg for oss som meinar at samferdslemidlane må brukast der det er mest behov, ikkje til rådyre prestisjeprosjekt vi godt klarar oss utan.

Etter all kritikken som spesielt Hordfast er blitt møtt med, fann prosjektleiar Signe Eikenes ( SVV ) det naudsynt å gjere greie for oppdraget sitt, m.a. i Sunnhordland 12. februar. Ho prøver å tilbakevise at kostnadsauken har vore utan kontroll. Ho vise til at innsparingskravet har redusert totalkostnaden frå 43 milliardar kroner, med 6-10 milliardar på vel eit år. Ja, men dette er etter teoretiske modellar som oftast ved store prosjekt, viser seg ikkje å tole den harde røyndomen. Det vanlege er store kostnadssprekkar, så totalsummen kan lett nå gamle høgder.

Så meinar ho at den indre traseen blir like dyr som den over Bjørnefjorden, m.a. fordi han er 25 km lenger, og at naturinngrepa også her blir store. Eg minnast at dette er blitt påstått tidlegare av vegvesenet sine talsfolk, men at det blei opplyst om at dette anslaget ikkje var basert på omfattande analysar. Ein hadde ikkje gått så grundig til verks fordi det politisk var bestemt at dei skulle gå vidare på Bjørnefjordalternativet, og måtte prioritere dette.

Vegprosjekt vil alltid ha negative natur- og miljøkonsekvensar, men med lågare standard vil inngrepa bli mindre og kostnadane lågare. Eikenes meinar at tilknytingsprosjekt mot ei indre linjeføring av E39, som E134 frå Odda til Bergen, og Hordalandsdiagonalen Odda- Bergen, ikkje er relevante fordi alle prosjekta vil kunne stå på eigne bein. Eg vil meine at kostnadsaspektet ved å sjå desse i samanheng, vil vere viktig. Ikkje minst no når ferjefri E39 er blitt så dyr at heile prosjektet går ei usikker framtid i møte. Eg har alltid meint at det ville gå fortare å få ferjefri veg til Bergen om vi hadde halde fast på/går tilbake til den indre traseen, bygd med den standarden som opprinneleg blei planlagt.

Eikenes viser til at trafikken mellom Stord og Os/Bergen er svært liten sett i høve til avstand og folketal. Ho meinar at grunnen er den lange og kostbare ferjeturen. Det er merkeleg, tykkjer eg, sidan over 70 prosent av trafikken er fritidsrelatert, og har eit avgrensa potensiale. Nytte - og næringstrafikken som planleggjarane meinar vil bli vesentleg auka ved ferjefri kryssing, seier næringsaktøren Lastebilforbundet tvert nei til. Bompengekostnaden vil bli for høg og vegen for lang til at dei vil velje dette alternativet frå sør til nord.

Eikenes har rett i at trafikkprognosar ikkje er ein eksakt vitenskap, men ho meinar at dei modellande dei brukar er blitt eit godt verktøy. Men fleire fagmiljø har stilt spørsmål ved prognosane for framtidig trafikk. Harald Minken ved Transportøkonomisk institutt ( TØI ), har vore grunnleggande skeptisk til premissgrunnlaget i Hordfast. Han forsterka sine åtvaringar mot prognosane for trafikken då kostnadssmellen frå 27 milliardar til 43 milliardar blei kjent våren 2016. Møreforsk ved Svein Bråthen og NTNU ved Morten Welde, har spesielt peika på at utbyggjar let vere å drøfte/berekne Hordfast med bompengar når samfunnsnytten skal vurderast.

Eikenes prøver å sukre bompengepillen med at bompengar er avgrensa til bompengeperioden på t.d. 15 år, mens ferjebilletten er noko ein alltid må betale. Det spørs om dei trafikkantane som må betale over ein tusenlapp for å komme seg att og fram til Bergen i ein bompengeperiode, som godt kan bli svært mykje lenger når dei urealistiske prognosane om firdobling av trafikken ikkje slår til, er samde med henne i denne vurderinga ? Det store fleirtalet av dei som er spurde, i fire ulike spørjeundersøkingar, seier at dei ikkje vil prioritere det Hordfast regjeringa har bestemt skal planleggast.

Ferjealternativet som framleis er aktuelt i mange år, meinar Eikenes blir for saktegåande ved ny teknologi, og viser til dagens el-ferje over Sognefjorden.

Men også på dette området går utviklinga fort, og dersom vi kunne flytte meir midlar til innovasjon og utvikling av ny teknologi innan ferje- og båttrafikken, ville vi snarare kunne utvikle gode alternativ Det er dette som er framtida, i spleiselaget for å redde kloden vår frå konsekvensane av klimaendringane, og å skape nye og berekraftige arbeidsplassar.

Kjellbjørg Lunde,
Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut