annonse

Ferjekai i Sævarhagsvikjo – kva har endra seg?

Kritisk
Kritisk: Tor Jæger Koppang (biletet) og Atle Hansen har lite til overs for forslaget om ferjestø i Sævarhagsvikjo. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Før kommunevalet i 2015 uttalte alle dei politiske partia på Stord seg om sitt syn på evt. ny ferjekai på Stord. Den gong var det Kvednaneset som var mest aktuelt. Sævarhagsvikjo var sett på som heilt uaktuelt grunna sitt unike fugleliv og naturområde. Fylkesmannen hadde og sagt eit klart og tydeleg nei til å nytta området. Stord sitt største politiske parti, Ap, sa dette i Bergens Tidende på sida «Kan du love?»

«Ap sitt standpunkt er at Jektevik – Sunde vil være den beste løsningen for lang tid fremover. Skjersholmane blir da redusert til reserveløsning når Trekanttunnelen må stenges for vedlikehold e.l. Skjersholmane blir altså liggende i den forstand og skal ikke erstattes av et nytt fergeleie ett eller annet sted i kommunen. Jektevik utvides!»

Klarere enn dette kan det knapt seiast? Likevel har det på denne korte tida brått endra seg radikalt. Sentrale politikarar frå Stord kommune har saman med politikarar frå Kvinnherad kome fram til at Sævarhagsvikjo likevel kan brukast. No seier ein at det er urørt strandsone som gjeld og at om ein legg ferjekaien utanfor båthamna i Sævarhagsvikjo, så er det korkje i Sævarhagsvikjo eller i strandsona. Dette er med respekt å melda heilt uforståeleg og ei tilsniking og luring ein ikkje bør sleppa unna med.

Leiar: Ny runde om ferjestø

Politikarane som me har valt til å representera Stord sine interesser går langt utover mandatet me som veljarar har gjeve dei. Planane ein har sett i gong i Sævarhagsvikjo må straks stoppast!

Tor Jæger Koppang,
Atle Hansen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut