annonse

Ferjeproblemet må løysast

DÅRLEG
DÅRLEG: Ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad har vore tema for debatt i lang tid. Framleis er det mellombelse ferjestøet i bruk. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Å ta ferje mellom Skjersholmane og Ranavik er som er reise tilbake i tid. Gammaldagse og nærast utrangerte ferjer, som går sakte og som har avgrensa serveringstilbod i salongen, gjer at ein føler at ein er på 1970-talet. Og skal ein vidare til fastlands-Kvinnherad, må ein køyra over kronglete vegar på Halsnøy og betala dyrt for å komma under Høylandssundet. Med andre ord: Eit mykje dårlegare og dyrare tilbod enn før, som attpåtil tek lenger tid.

Difor er det ikkje vanskeleg å forstå at dei reisande er frustrerte, anten det er private eller folk som reiser i jobbsamanheng. Verksemder og offentlege institusjonar i regionen tapar pengar på den lange reisetida mellom Stord og Kvinnherad. Dei meiner Stord som regionssenter må ta ansvar for å finna ei betre løysing. Det kom fram i ei ny undersøking som blei presentert på tampen av førre veke. Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Stord Næringsråd og Kvinnherad Næringsservice står bak undersøkinga blant næringslivet og offentlege instansar i regionen. Målet var å kartleggja kva behov og ønskje det er for å få på plass eit nytt ferjesamband mellom dei to kommunane. Svaret var rimeleg klart.

No har det gått over 14 år sidan ferja vart flytta «mellombels» til Skjersholmane. Sidan den gongen har lite skjedd. Mange meiner Stord er bremseklossen, og mange meiner det har vore vist for liten politisk vilje til å etablera nytt ferjestø på Stord-sida. Flytting av ferjekaien frå Ranavik til Sunde på Kvinnherad-sida, og bruk av Jektavik og eventuelt raskare ferjer, er løysingar som blir skissert i svara. Her er det berre for politikarane og setja i gang og få saka høgt opp på dagsordenen. Slik som det er no kan me rett og slett ikkje ha det.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut