annonse

«Ferjestø i Valevåg?»

Debatt
Debatt: Atle Bjørn Mæhle. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Per Fadnes skriv i Bladet Sunnhordland 6. april 2018 om buffersona Hovaneset og Sævarhagsvikjo nord om Hystadmarka naturreservat. Han fortel om plantar og dyr og om kor viktig det er at ein ikkje gjer noko i eit slikt område som kan vera farleg for Hystad naturreservat.

Per Fadnes ein av dei fagpersonane Stord og Fitjar kommunar leigde til å utarbeida rapport om «Naturtypar i Stord og Fitjar». Rapporten omtalar også området frå Hovaneset til Valevåg.

Heile området Hovaneset – Valevåg er kartlagt, og Naturmangfoldloven gjeld sjølvsagt for dette området.

Til no har debatten om ferjestø handla mest om Sævarhagsvikjo, og dei sterke protestane mot å gjera inngrep her.

Men no har pådrivarane for ferjestø til ein halv milliard kroner i området Hovaneset – Valevåg brått kome på at ferjestøet kan lagast i Valevåg, i buffersona på sørsida av naturreservatet.

Per Fadnes skriv at politikarane tydelegvis ikkje hugsar 10 år tilbake. Då måtte dei leggja vekk ferjestøplanar i Sævarhagsvikjo. Men eg tykkjer det er meir underleg at dei ikkje hugsar 4 år tilbake. Det er uforståeleg.

For 4 år sidan gjorde det kommunale selskapet Vatn og Avlaup framlegg om å leggja eit stort reinseanlegg i Valevåg. Kommunestyret la vekk desse planane. Eit reinseanlegg her kunne føra til ureining og vera farleg for naturreservatet. Det er nett i dette området dei nye pådrivarane for ferjekai til ein halv milliard kroner vil ha ferjestø.

Eg ser på Facebook at ordførar Sjo meiner ferjekaien ikkje rører urørt strandsone. For om lag 70 år sidan fekk Sveisen byggja kaiar og bygningar i området. Det var i ei tid då ein ikkje var så nøye med natur og miljø og kulturminne. Det kan nemnast at ein med den utbygginga øydela 9 gravrøyser frå bronsealderen. Dei fleste var ikkje undersøkt ein gong. Kor mykje denne utbygginga øydela for det rike plante- og dyrelivet i området, veit ein ikkje.

Kaikanten er sjøkanten her, men til ei strandsone høyrer også sjøen utanfor. I dette tilfellet er det vatnet i Valevåg. Når det flør, renn vatnet i Valevåg inn i tjørna i naturreservatet. Saltvatnet blandar seg med ferskvatn frå lia mot Storhaugvegen. Det blir då eit brakkvatnmiljø i tjørna og inn i jordsmonnet i Hystadmarka. Skogen her veks i dette sumpmiljøet, og det er hovudgrunnen til at området er nasjonalt naturreservat. Denne sumpolderskogen er unik. Dersom vatnet i Valevåg vert ureina av oljesøl, giftstoff o.a., kan det gjera uboteleg skade på naturreservatet. Dette kan sjølvsagt skje dersom det vert stor anleggsverksemd, ferjer som går att og fram, bilar på kaien med ulik last osb.

Elles er det dvergålegras i Valevåg. Dette er ein raudlista plante. Det er då ein av dei plantane som er sterkast truga av utrydding i Noreg, og det er forbode å gjera tiltak som kan øydeleggja for ein slik plante. Dei er heilt freda. Det er også ein svært sjeldan sivplante i tjørna i naturreservatet.

I bronsealderen stod havet høgare enn i dag. Hystadmarka var øyar med sjø på innsida. Ferdselsvegen til folket var med båt gjennom Valevåg og på innsida av desse øyane. I Vegbok for Hordaland står det at i Valevåg kan det vera historiske minne frå den tida. Det er ikkje undersøkt.

Eg ser også på Facebook at Geir Angeltveit frå miljøpartiet Venstre tvilar på om Valevåg er buffersone til naturreservatet. No er det slik at visse område rundt alle naturreservat er buffersoner. Dei ansvarlege styresmakter gjer ofte vedtak om at slike område vert friluftsområde. Så også her. Lia opp mot Storhaugvegen er kommunalt friluftsområde, og Valevåg, området mot aust og Hystadøyane er regionalt friluftsområde. Styresmaktene gjer dette som ei ekstra sikring mot øydeleggjande tiltak i buffersona og som kan vera til skade for naturreservatet. I desse tilfella er det Stord kommunestyre som har vedteke det og tilrådd det.

«Buffersona skal m.a. redusera faren for inngrep og endringar i Hystad naturreservat, t.d. lokalklima, naturleg vegetasjon, spreiing av framande artar, ferdselsskadar m.m.» Dette er noko av det som m.a. står om krav om skjøtsel i ei buffersone.

Å byggja ein ferjekai til ein halv milliard kroner og alt som seinare følgjer med av båttrafikk og biltrafikk er ikkje i tråd med dei krava som er knytt til ei buffersone.

Politikarane må no setja alle krefter inn på å få bygd bru frå Jektevik til Tysnes, få raskare ferjer mellom Jektevik og Sunde. Når brua er ferdig, går ferja frå Hodnanes til Sunde.

Ein halv milliard kroner er mange pengar. Kaien på Jektevik kan utvidast og ordnast, og anbod på tre ferjer som går like fort som ferjene mellom Sandvikvåg og Halhjem kostar ein liten brøkdel av ein halv milliard kroner.

Alle offentlege pengar er samfunnet sine pengar. Statsminister Solberg seier at no må me stramma inn livreima. Då blir det kanskje endå verre i eldreomsorga på Stord enn det Jan Holmberg fortalde om i Bladet Sunnhordland for litt sidan. I eit slikt perspektiv er også pådrivarane for gigantiske samferdselsprosjekt på ville vegar.

Atle Bjørn Mæhle

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut