annonse

Ferjestø-saka: «Berre tanken verkar absurd»

Kartla naturtypar
Kartla naturtypar: Dåverande kommunalsjef Atle Bjørn Mæhle og ordførar Liv Kari Eskeland flankert av botanikarane Bjørn Moe og Per Fadnes som i 2008 kartla naturen på Stord. No er Mæhle pensjonist, og meiner ein ny ferjekai i Sævarhagen vil øydeleggja eit verdfullt naturområde. (Foto: -)

  • Meiningar

I Sunnhordland 21. februar 2018 står det at det har kome ein ny rapport om ferjestø på Stord. I rapporten konkluderer ein med tre framlegg til løysing. «Forslag (konsept) 2 og 3 som begge inneber ferjestø frå Sævarhagen-området.» I tillegg vert det rådd til å sjå vidare på «Jektevik og Husnes og Sunde-området.»

I artikkelen vert det sagt at eit eventuelt ferjestø i Sævarhagen «ikkje skal røre urørt strandsone», skal liggja utanfor moloen i Tynesvika og med tunnel opp til E39.

Etter mitt syn fører eit ferjestø i Sævarhagen til naturøydelegging og sløseri med samferdselsmidlane i samfunnet.

Eit ferjestø handlar om ein stor ferjekai, oppstillingsplassar for ei mengd bilar, venterom og tilførselsvegar. Dersom ein skal laga alt dette, krev det anleggsaktivitet i ein lang periode. Kostnaden blir stor.

Meiningar: Ferjekai i Sævarhagsvikjo – kva har endra seg?

Eit ferjestø i Sævarhagsområdet vil liggja midt i eit sårbart og verdfullt naturområde, både for Stord kommune, for regionen og for nasjonen. I Bladet Sunnhordland 8. juli 2008 er det eit stort oppslag der botanikarane Bjørn Moe og Per Fadnes overleverer rapporten «Naturtypar i Stord og Fitjar» til ordførar Liv Kari Eskeland og kommunalsjef Atle Bjørn Mæhle. Rapporten var laga på oppdrag frå kommunane Stord og Fitjar slik at ein kan ivareta det biologiske mangfaldet når ein vil gjera inngrep i naturen, særleg gjeld det artar i naturen som er i ferd med å bli utrydda (raudlista plantar). Rapporten er laga etter pålegg frå Miljødepartementet. Liv Kari Eskeland understrekar at «ein må ha eit bevisst forhold til denne rapporten når ein driv med politikk.»

Området frå Hovaneset til Valevåg er eit av dei mest verdfulle naturområda på Stord. Om Hovaneset står det side 21: «Hovaneset er eit område med artsrik naturbeitemark som har vore driven på tradisjonelt vis, utan gjødsling, i lang tid. Ingen andre stader på Stord er det funne så mange raudlista artar av beitemarksopp som her.» På Hovaneset er det også eit kulturminne, ein gravhaug frå bronsealderen.

I rapporten side 29: «For nokre av dei sterkt truga artane (t.d. soleigro og dvergålegras) og sårbare artane (t.d. storak), har Stord kommune blant dei største populasjonane i Noreg, og dermed eit særskilt ansvar for å ta vare på dei.» Dvergålegras veks i dag i Hystadmarka naturreservat (nasjonalpark) og i Sævarhagsvikjo i tillegg til Leiro på Huglo.

Sævarhagsvikjo er også kjend for det rike fuglelivet.

Svartorskogen i Hystadmarka «er karakteristisk for fuktige stader og dannar sumpskog i dårleg drenert skog, i kantsoner mot vatn, strender og langs bekker. Svartorskogen i Hystadmarka er kjend som ein stor og svært utvikla skog, og er difor verna som naturreservat.» (side 26).

I Hystadmarka er det også ei rekkje kulturminne, t.d. graver frå bronsealderen og ein kolerakyrkjegard.

Midt i dette området gjer ein framlegg om å byggja eit ferjestø, med kaiar, oppstillingsplassar, venterom, tilførselsvegar og mykje anleggsaktivitet i byggjetida. Alt dette vil føra til ureining, endring i straumane langs strendene i Sævarhagsvikjo og i Hystadmarka.

Bilane frå denne eventuelle ferjekaien i Sævarhagsvikjo kjem ut or ein tunnel ved Ådlandsvatnet. Derifrå tek det 7–8 minutt å køyra til Jektevik. Berre tanken på å byggja to ferjekaiar, ein i Sævarhagen og ein på Halsnøy med oppstillingsplassar, tilførselsvegar osb. verkar absurd. Økonomisk sløseri med samferdselsmidlane i samfunnet.

Ferjesambandet Jektevik–Sunde nokre km lenger nord er klar til bruk for ein billeg penge.

Atle Bjørn Mæhle,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut