annonse

Fitjar Sp er imot fleire vindmøller på Fitjarfjellet

MIDTFJELLET
MIDTFJELLET: – Medlemmane i Fitjar Senterparti og listekandidatane våre ved valet til hausten seier at det er nok vindmøller i fjellet med dei som alt er komne, skriv forfattarane av dette lesarinnlegget. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

  • Meiningar

NVE har lagt fram forslag til nasjonale rammer for vindkraft og peika ut store delar av øya vår som veldig godt eigna. Senterpartiet i Fitjar meiner at Stordøya, med Midtfjellet Vindpark sine 55 vindturbinar (150 MW), teke sin del av ansvaret for utbygging av vindkraft. Dette er nok. Kartet i forslaget til utviding strekker seg omtrent til grensa til Stord kommune. Ei utviding sør- og austover frå Svartavatnet mot Mehamarsåta vil bandlegge store areal som til nå er urørt natur. Det blir ikkje mykje att av dei opphavelege områda i Fitjarfjellet om alt dette skal erstattast av eit industriområde.

Fjellområda er viktige for rekreasjon og friluftsliv. Både dyre- og planteliv blir sterkt påverka av eit så stort inngrep som vindmøllene det nå er tankar om, representerer. Til dømes er Tindane veksestaden for fleire sjeldne artar som Reinrose. Tilhøva for jakt og fiske vert sterkt endra. Den vakre høgfjellsnaturen her ute ved kysten er heilt spesiell.

Midtfjellet Vindpark gir inntekter til Fitjar i form av eigedomsskatt, og mange tek turen til fjells på vegane opp til anlegget. Forsøk med oppdyrking er i gang. Store delar av naturen er blitt endra, så kompensasjonen er på sin plass. Eit argument som vart brukt ved den første utbygginga var at «det blir rikeleg med urørt natur att». Underforstått skulle det halde med det arealet som vart bandlagt i første konsesjon. Medlemmane i Fitjar Senterparti og listekandidatane våre ved valet til hausten seier at det er nok vindmøller i fjellet med dei som alt er komne.

Fitjar Senterparti ved styret

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut