annonse

Fitjar vgs. må bestå

VIL HA FREDING
VIL HA FREDING: – Utan lokaliseringsdebatt kan rektorar og lærarar ha betre tid til elevene og innhaldet i skulen, skriv KrF-politikarane Tor Andre Ljosland og Harald Rydland. På bildet rektor Leif Helge Engelsen på kakefest i 2016 etter at fleire nedleggingstruga tilbod blei redda. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

  • Meiningar

KrF går til val på å halda fram med ein desentralisert skulestruktur. Det er viktig for Fitjar at det er eit vidaregående tilbod i kommunen. Skulen har gode resultat og det er tilstrekkeleg søkjargrunnlag for å oppretthalde skulen.

KrF vil spela på lag med dei framtidige arbeidsgjevarane når me lagar den gode skulen. Difor er det viktig at bedrifter og offentlege institusjonar jobbar saman om innhaldet i skulen, og at lokalmiljøet stiller opp med læreplassar.

Fitjar, Stord og Bømlo er både felles arbeidsmarknad og studieområde. Hovedutfordringa er at det totalt sett ikkje vert særleg mange fleire elevar i åra som kjem. Dirfor er det viktig at skulane jobbar saman og fordeler elevane godt. Det er ikkje nødvendig å etablera nye konkurrerande studieløp, men forsterka og dyrka skulane sine spesialitetar. Fitjar vidaregåande skule har for eksempel eit svært godt tilbod innafor restaurant- og matfag. Det vil arbeidsmarknaden i heile regionen kunne nyta godt av. Desse lærlingane er svært ettertrakta, det same gjeld dei som tek utdanning innan helse- og omsorg.

I inneværande periode var det igjen forslag om å leggja ned Fitjar vidaregåande skule. KrF stod på for å berga skulen. Det burde vera mogleg å kunna bruka dei neste fire åra på noko meir fornuftig enn nye lokaliseringsdebattar. Utan lokaliseringsdebatt kan rektorar og lærarar ha betre tid til elevene og innhaldet i skulen. Det vert det betre skule av.

Tor Andre Ljosland,
2. kandidat Vestland KrF

Harald Rydland,
ordførarkandidat Fitjar KrF

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut