annonse

«Folkehøgskule er ein god idé»

God ide
God ide: Atle Bjørn Mæhle er glad for initiativet til folkehøgskule på Stord. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Geir Angeltveit har ein god ide når han vil arbeida for å få til folkehøgskule på Stord, skriv Atle Bjørn Mæhle.

  • Meiningar

Me saknar eit slikt tilbod her. Folkehøgskulane er populære, og dei evnar å gje tilbod som høver for mange unge i overgangsfasen mellom vidaregåande skule, vidare yrkesopplæring og studium. Folkehøgskulane har ofte ei meir praktisk tilnærming og legg vekt på samfunn og miljø, friluftsliv, sport, kunst og kultur. Dei ulike folkehøgskulane utformar sin eigen profil. Men ofte legg dei vekt på fagområde som gjev den enkelte ungdom personleg vekst og utvikling. Dei unge får saman med andre utvikla noko dei likar og har talent for. Dette gjev dei sjølvtillit og styrka identitet.

Det er vanskeleg slik i ein fart å finna den gode innrettinga på tilbodet, og det er lurt, slik Geir Angeltveit seier, å gje seg litt tid med denne prosessen. Det handlar om stadval, organisering, innhald og arbeidsmåtar. Kanskje kan han også søkja råd hjå ungdommane i vidaregåande skule eller som nett er ferdige med den?

Les også: Angeltveit får draghjelp av kommunen

Nedanfor fortel eg tre døme som peikar på eigenskapar som er viktig å utvikla. Dei unge har vanskelege val no for tida. I ei omskifteleg verd er det m.a. vanskeleg å velja kva yrke ein skal satsa på. Mange kjem til å måtta omskolera seg ein eller fleire gonger yrkeslivet. I ein slik situasjon er det viktig å ha trygg identitet og god sjølvkjensle.

Jack Mae, grunnleggjaren av netthandelstaden Alibaba, som omset for over 250 milliardar dollar, heldt eit foredrag under World Economic Forum i Davos i vinter. Innlegget hans handla om oppgåva til skulen i framtida. Nokre av hovudpunkta hans var at skulen må gje barn og unge opplæring i å samarbeida og tenkja sjølvstendig, leggja vekt på sport, musikk, maling og omsorg for andre.

I fjor sende ein ven av meg eit innlegg som eg hadde skrive i Bergens Tidende 6. februar 1992. «Innlegget ditt har 25 årsjubileum,» skreiv han. Innlegget heiter «Skavankar i utdanningssystemet». I konklusjonen summerer eg m.a. opp slik: «No må vi bestemma oss for at vi gjennomgåande og systematisk skal utvikla kreativitet og sjølvtillit hos barna og dei unge. Vi skal gje dei identitet og forankring i heimstad og kultur. Dei må ha ein grunnleggjande basis når dei skal orientera seg ut over landegrensene. Dei må få utvikla den språklege kompetansen, først og fremst morsmålet, men også det første og andre framandspråket. Desse hovudområda må vera gjennomgåande løp frå barnehage til universitet.»

Diverre har me i etterkant sett at skulen gjennom læreplanane har blitt meir teoretisk enn eg kunne ynskja.

Sunnhordland meiner: Ein frisk og spennande idé

Utetter 1990-talet var eg leiar for Skule- næringslivsutvalet i Stord kommune. Utvalet var samansett av representantar frå kommunen, ungdomsskulen, vidaregåande skule, høgskulen, næringsrådet, dei største bedriftene og arbeidsmarknadsetaten. På eit møte vart representanten frå Aker Stord, no Kværner Stord, spurt kva dei meinte var det viktigaste barn og dei unge burde læra i skulen. «Legg størst vekt på å læra dei å samarbeida, utvikla kreativitet og fantasi,» sa han.

Atle Bjørn Mæhle

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut