annonse

Føresette til angrep på politikarane

Misnøgde
Misnøgde: Foreldre på Horneland er svært kristiske til kommunen som har har godkjent utbygging i sørelege delar av komunen, utan å ha ein plan for korleis ein skal løysa kapasitetsproblema i skulen. (Foto: Privat)

Me rettar særleg kritikk mot våre folkevalde som sa ja til vidare utbygging i ein skulekrins som allereie var under press, skriv føresette til elevar i Langeland skulekrins.

  • Meiningar

Eit tilsvar til høyringsdokumentet som angår revidering av krinsgrenser i Langeland skulekrins. Skrivet er utarbeidd etter meiningsutveksling frå møte på Horneland måndag 11. september 2017.

Me som har born som vert råka av dette forslaget er ikkje nøgde med framlegget som kommunen har lagt ut så langt. Me ser at utviklingsgruppa/kommunen har fremja forslag om to ulike delingar av krinsgrensene som gjeld Langeland og Tjødnalio skule. Dette meiner me er ei dårleg, kortsiktig løysing og direkte ansvarsfråskriving frå kommunen si side. Me ynskjer ikkje ei slik deling og står samla om å krevje den nærskulen me har blitt lova over mange år.

Me rettar særleg kritikk mot våre folkevalde som sa ja til vidare utbygging i ein skulekrins som allereie var under press, tilsynelatande utan å ha ein framtidsretta plan for borna våre som bur i dette området.

Under møtet så vart det fleire spørsmål som kom opp og som me ynskjer eit svar på:

• Det finst prognosar som viser anslagsvis elevauke i åra som kjem. Vart dei sett over før ein godkjende byggjestart? Dei seinare åra har det nemleg dukka opp fleire nye bustadområde tilhøyrande under Langeland skulekrins, trass i prognosane og varslingane frå rektor ved Langeland som tilsa at skulen nærma seg skjønnsmessig full. (Hatlandsåsen, Langelandsåsen og Ingeborgsstykket er nokre av dei nye felta som har blitt godkjende dei siste åra.)

• Så vidt me kan forstå har lovnadane om ny skule, i beste fall ein småskule, blitt gitt i samanheng med utbygging (som var grunnlaget for at ein fekk byggja fleire bustader) ikkje blitt følgt opp. Korleis har det seg då at utbygginga likevel har blitt ein realitet?

• Har ein vurdert alle krinsgrensene som det vart sagt? Om ein ser det ut frå nærskuleprinsippet, ville det vore meir naturleg å endre grensene ned mot Leirvik skule. Leirvik skule ligg nærare reint geografisk sett enn Tjødnalio, dei har òg ledig kapasitet til fleire elevar, betre kollektivforbindelse og det blir ein naturleg overgang til ungdomsskulen som ligg tvers ovanfor vegen.

• Når ein les gjennom detaljreguleringar, saksprotokollar og andre dokument frå desse utbyggingane, så kjem det tydeleg fram at eventuell busetjingsauke i dette området vil føre til at ein må justere skulekrinsgrensene ettersom Langeland skule er tilnærma full. Tenkjer våre folkevalde at det er ei akseptabel løysing å endre krinsgrenser med eit pennestrøk og dele nabolag i to?

Les også: Reinert Horneland: – Dette splittar opp nabolaget

Kvar og eitt barn som bur i Stord kommune har rettar på dette området. Ein finn det blant anna i opplæringslova § 8–1 står det at barn i grunnskulen har rett til å gå «(…) på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til».

Forutan dette så pliktar også det offentlege seg til å ta omsyn til barnets beste gjennom artikkel 3 i barnekonvensjonen.

«Artikkel 3 – Barnets beste: 1. Ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende omsyn».

Vågavegen vel: «Situasjonen er ikkje haldbar»

Me som bur i dette området og vert råka av desse justeringane meiner absolutt ikkje at det er til våre barns beste å bli kasteballar innanfor skulekretsane i kommunen vår. Nokre av punkta som uroar oss særleg er:

• Det fører til ei splitting i nabolaga. Borna får ikkje nødvendigvis byrje på skule saman med dei som dei omgåst med på fritida og i barnehagen. Dette påverkar sjølvsagt tryggleiken til borna våre når dei skal starte i 1. klasse.

• Geografisk avstand. Me ynskjer ikkje at borna våre skal skyssast lenger i buss enn naudsynt. Det er ikkje ein trygg gangavstand til skulen. Særleg kritisk er det med tanke på at ein må krysse E39 og eit industriområde for å komme seg til eller frå skulen dersom ein ikkje skal ta buss. Kva gjer ein om barnet misser bussen? Korleis vert det tilrettelagt med SFO? Me vil og understreke at ifølgje nærskuleprinsippet så skal ein ta omsyn til relevante forhold som til dømes farleg skuleveg.

• Elles vart det peika på ulike utfordringar ved avstanden til dømes ved engasjement i idrettslag. Borna må velje mellom å delta i idrettslaget som er nærast (Stord idrettslag) eller det idrettslaget der dei har klassekameratane sine (Solid) .Det blir naturleg å velje idrettslaget som klassekameratane deltar i. Det gjer at dei blir avhengige av skyss til og frå treningar og kampar/samlingar. Har ein ikkje bil tilgjengeleg så blir det vanskeleg å delta på denne arenaen med klassekameratar pga. avstanden. Noko som igjen påverkar det psykososiale miljøet.

• Elevane skal, ifølgje framlegget, etter barneskulen flyttast til Stord ungdomsskule i 8. klasse. Elevane får altså ikkje starte på ungdomsskulen med tidlegare klassekameratar dersom dei vert overført til Tjødnalio skule og står ovanfor nok ei «splitting». Nok ein gong, me meiner ikkje at dette er til våre barns beste.

Les også: Føresette mobiliserer inn mot høyringsfristen 

Den vanskelege situasjonen som me no står oppe i, er ikkje noko som er eit resultat av uventa hendingar, men eit direkte resultat av kommunen sine godkjenningar av nye bustadområde. Slik me ser det, er det kommunen sitt ansvar å tilpasse skulestrukturen i samsvar med den utbygginga som dei godkjenner.

Me krev at kommunen tar ansvar og ryddar opp i sitt eige rot, utan at våre born blir skadelidande. Dei forpliktar seg til å ta omsyn til våre barns beste. Me ynskjer ein skule i vårt nærområde snarast mogeleg. Ein har tomter regulert til dette formålet i høvesvis både Kåreviksmarka og Hatlandsåsen. Ein har private aktørar som har sagt seg villig til å setje opp ein midlertidig modulskule. Dette stiller me oss positive til. Me ynskjer at borna våre skal få føreseielegheit i tida som kjem. Dei skal ha ein trygg skuleveg, dei skal vera trygg på at rettane deira vert i varetatt og dei skal vera trygg på kva skule dei skal gå på i tida som kjem.

Me seier nei til kortsiktige alternativ og ynskjer ei framtidsretta løysing frå kommunen si side velkommen.

Helsing foreldre i Horneland-krinsen,

Ragnhild Lauksund
Rita Kristin Berg
Anita Williams
Liv Hege Dagsland
André Lønning
Anne Sofie Vikene
Tommy Hillestad
Rebecca Stølen
Tor Olav Berg
Cathrine Brady
Marianne Brandvik
Bjørnar Spissøy
Kristian Stangeland
Frank M. Hovland
Christian Fredheim
Nina Børtveit Silden
Nils Eivind Horneland
Kristin Stokka Vad
Bjarte Vad
Mona Østang Nielsen
Erik Østang Nielsen
Robert Vikene
Ole Christian Kvamme
Anne K. Hystad
Sondre Lofthus
Maria Christina Martinsen
Jørgen Kannelønning
Maria Thorsen
Sissel K. Røvde-Hovland
Eddy Helland
Reinert Horneland
Cathrine Sagvåg Borge
Raymond Jensen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut