annonse

«Fornuft eller galskap?»

OMKAMP?
OMKAMP?: Dagleg leiar for Hordfast Øyvind Halleraker og styreleiar Lars Solberg. Halleraker advarte kommunane mot å slåst for sørleg kryssing. Kjellbjørg Lunde er sterkt kritisk til prosjektet. (Foto: Anders Totland)

  • Meiningar

Den næringslivsbetalte lobbyisten Øyvind Halleraker i Hordfast AS, skriv i Sunnhordland 26. januar at Hordfast er realistisk og har god kostnadsstyring. I same avis var det referat frå eit møte med medlemer frå Stord Næringsråd, der bodskapen frå lobbyisten var å godta kryssinga av Langenuen ved Raunholm. (Statens vegvesen (SVV) si tilråding). «Dropp omkampen» seier han, og siktar til at dei fleste kommunane i Sunnhordland og fylkeskommunen går inn for det sørlegaste alternativet, ved Jektevik. Dette har fått fleirtal fordi det vil gi den beste regionale effekten, ikkje minst sett i samanheng med tilknytinga mot Kvinnherad og vidare.

Halleraker arbeider no også intenst for støtte til at regjeringa skal fremje ei sak om førehandsbompengar. Dette er omtala i BA 24. januar. «Fylkesrådmann Rune Haugsdal har orientert politikerne i fylket om at det ikke er noe lokalpolitisk initiativ bak Hallerakers ønske om førehandsinnkrevjing av bompengar. Men han er helt avhengig av å ha dei med på laget. -Vertskommunar, andre berørte kommunar og fylkeskommunen må fatte vedtak som gir prinsipiell tilslutning til ei bompengefinansiering, før Statens vegvesen utarbeider ei bompengesøknad, opplyser Haugsdal.»

Så til realisme og kostnadsstyring:

Då regjeringa forkasta indre trase i desember 2013, var kostnaden på Bjørnefjordalternativet 19 milliardar kroner, og skulle gi 17 minutt kortare reisetid. I mars 2016 var prislappen 39 milliardar. Kostnaden pr. min. kortare reisetid; 1.2 milliardar. Seinare blei prisen totalt langt over 40 mrd., og sjølv Halleraker meinte at dette blei for drygt. SVV fekk i oppdrag å få prisen ned, noko dei i teorien klarte ved å nedjustere stålpris, andre tekniske løysingar og lendingar; om mogeleg, med enda verre naturinngrep og miljøskade. No er stipuleringa 35–36 milliardar.

Men slike store samferdsleprosjekt får som regel store overskridingar. Sidan Hordfast over Bjørnafjorden, i lengde og tekniske løysingar er eit pilotprosjekt i verdssamanheng, må vi rekne med budsjettsprekk også her! Berre planleggingskostnadene er no på nesten 500 millionar kroner. Likevel vil Halleraker ha oss med på førehandsbompengar til enda meir planlegging, og i eit forsøk på å få prosjektet lenger opp i prioriteringa enn innstillinga i transportplanen frå Stortinget i fjor vår.

Kostnadsstigninga i planfasen av ferjefri E39 og spesielt Hordfast, er utan sidestykke. Då samferdsleminister Navarsete (Sp) i 2009 tok til orde for ein ferjefri E39 frå Stavanger til Trondheim, var prisen 15 milliardar. Dette var med ein lågare, men fullt tenleg standard; to til trefeltsveg og 90 km/t. Det var dette både Ap og KrF då gav si støtte til.

I 2017 var kalkylen på strekninga kommen opp i 340 milliardar, og det heile står fram som stadig meir urealistisk. Ikkje minst fordi fjordkryssingane tek pengar frå andre prosjekt som står i kø i regionen vår. Det må betre og meir kostnadsrealistiske løysingar på bordet. Kostesame samferdsleprosjekt av ulikt slag skal realiserast, prioritering må til.

I si høyring til transportplanen meinte eit fleirtal i fylkestinget at strekninga Bergen- Voss, veg og togsatsinga måtte komme først. Naturleg sidan det her er snakk om dagleg stor risiko; det gjeld liv og helse.

Konsekvensane av klimaendringane gjer at rassikring av vegane våre ikkje kan vente. Berre det vil koste 47 milliardar, av dei treng Vestlandsfylka 22.

Fleirtalet av politikarar/parti, både sentralt og lokalt, har gjort vedtak om redusert biltransport og satsing på meir klimavenlege og framtidsretta løysingar. Difor kan vi ikkje satse på eit Hordfast som krev firdobling av trafikken over sambandet for å vere i samsvar til EU- norma for firefeltsveg og fart på 110km/t.

Omkamp kan bety så mangt. Halleraker åtvarer no mot omkamp. Det gjorde også NHO direktør Tom Knudsen då Halleraker og andre støttespelarar lanserte nytt Hordfast over Bjørnafjorden i staden for indre trase over Tysnes, Fusa og Samnanger. Knudsen frykta kostnadsauke og utsetjing av det han då meinte var ei godt og tenleg løysing, og som eit stort fleirtal i fylkestinget hadde gjort vedtak om.

Den daglege leiaren i Hordfast AS prøver no gjennom lobbyverksemd å få politikarane i fylket til å gjere vedtak i tråd med det han og visse næringslivsaktørar/NHO i første rekke, gjennom Hordfast AS, ynskjer. Øyvind Halleraker har vore både synleg og usynleg pådrivar for «sitt» Hordfast heilt frå han og broren Svein, kom opp med alternativet til det som tidlegare var politisk vedteke. Det nye alternativet var basert på eit heilt urealistisk kostnadsanslag, langt under Navarsete sitt frå 2009, men fekk likevel oppslutnad etter kvart.

På bakgrunn av erfaringa frå utviklinga av dette prosjektet, dagens behov for prioriteringar, aktuelle klima-, natur- og miljøvenlege transportløysingar, ny teknologi på skips- ferjefartsida, dei regionale verknadene og behovet for å sjå dei ulike samferdslebehova i ein samanheng, må ikkje lobbyistar av Halleraker sin type få lukkast med sitt forsett.

Eg har god tru på at framtidas Hordfast ikkje vil gå over Bjørnafjorden, og at trafikantane slepp å betale unødvendige høge bompengar, og at fylkeskommunen ikkje skal komme ut i eit økonomisk uføre gjennom å måtte stille opp med høge garantikrav m.m. Mange trur at Hordfast er vedteke. Det er det ikkje, det er eit rekorddyrt og naturøydeleggjande planutkast som aldri burde vore i verdsett. Mykje tyder på at også Solbergregjeringa har innsett at dei har lova for mykje, og treng draghjelp til å snu!

Kjellbjørg Lunde

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut