annonse

Forslag til løysing på biogass-plasseringa

Seglneset
Seglneset: Slik er anlegget tenkt i Sagvåg. Stord Venstre meiner det bør flyttast til Eldøyane. (Foto: Sunnhordland Naturgass / illustrasjon)

  • Meiningar

Sunnhordland Naturgass (SNG) har fått Enova støtte til å utvikla eit banebrytande anlegg for biogass-produksjon. Ein produksjon og prosess som ikkje kan samanliknast med nær sagt noko anna anlegg, verken innan- eller utanlands.

Biogass er ein fornybar energiberar, den kan produserast på avfall frå ymse kjelder på eit knippe ulike vis. Og gjennom denne resirkuleringa av avfall frå energikrevjande næringar som oppdrett og landbruk, så vil denne fossile energikjelda vere tilnærma karbonnøytral.

Det er rimeleg banebrytande. SNG seier dei mellom anna skal driva forsking og utvikling på anlegget dei har fått støtte til å byggja, og at delar av verksemda kjem til å vere mynta inn mot service og sal av liknande installasjonar andre stadar. Nasjonalt og globalt er det ei nær utømmeleg kjelde avfall, og eit nært utømmeleg energibehov. På toppen av vår alles behov for å redusera klimagassutsleppa.

Eg vil nesten tørra å vere meir ambisiøs på prosjektet sine vegner enn det utviklarane sjølv kan vere. Dette vil bli ein milliardindustri og Noreg, Sunnhordland, Stord kan vere spydspissen også her. På same vis som me mellom anna gjennom NCE Maritime CleanTech og den klyngja er ein bastion på grøn skipsfart.

Biogassnæringa bør me alle ønska meir enn velkomen til Stord. Dette vil bety verdiskaping, arbeidsplassar og eit beinhardt støyt inn mot det grøne skiftet. Det er verken snakk om månelandingar, luftslott eller svermeri.

Så gjelder det plassering. Eg og alle andre forstår at det å ha eit biogassanlegg som «næraste nabo» ikkje er noko attraktivt. Spesielt ikkje om ein lenge har gått å ønska seg ei heilt anna utvikling – vekk frå næringsverksemd på området – gjennom (den STADIG utsette) kommunedelplanen for Sagvåg og Litlabø.

Meiningar: «Nei til biogassfabrikk i Sagvåg»

Nokre politikarar stoppar der, og ønskjer helst å dyrka misnøye heller enn å prøva å løysa politiske utfordringar som områdepolitikk opp mot behovet for eit framtidsretta og meir variert næringsliv i Noregs mest olje- og petroleumsavhengige kommune. Det privilegiumet har me ikkje som ansvarlege folkevalde, og difor ønskjer eg at me ser på ei meir optimal løysing.

Det er eit knippe tomter på Stord kor ein finn kombinasjonen sjøtilgang, industriområde, vegtilkomst og ikkje minst påkoplingsmogelegheiter til det eksisterande forsyningsanlegget for naturgass. I desember kjøpte kommunen ei tomt på Eldøyane frå SNG. Denne var utan sjøtilkomst. Derimot står kommunen som eigar av tomteareal rundt meint for utviding og tilvenning til auka hamnekapasitet i kommunen.

Venstre ber kommunen sjå på eit makebytte med Sunnhordland Naturgass. Der SNG overtar naudsynt areal på Eldøyane for å etablera anlegget sitt. Og kommunen overtar Seglneset. Avtalen må gje kommunen høve til å nytte hamnearealet under ordinær drift, SNG må kunna kopla seg på leidningsnettet, og i den grad det er eit verditap for kommunen bør ein kunne gje gunstige avbetalingsordningar.

Om me vil, så får me det til.

I Stord Venstre seier me ikkje nei til denne nye industrien, og ein kan aldri gjere alle til lags. Det ein derimot kan gjere, er å prøva.

Geir Angeltveit,
Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut