annonse

«Forventar at kommunen stiller strengare krav til ny næring»

Kritisk
Kritisk: Vigdis Gullberg kjem her med fleire døme på at Stord kommune behandlar private utbyggjarar langt strengare enn næringsverksemd, og ho meiner kommunen har gjort for lite for å følgja opp reguleringsplanen for Eldøyane Sør. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Til politikarane i Stord kommune

Eg viser til artikkel i bladet Sunnhordland 16. januar om støymåling frå Eldøyane.

17. desember 2015 vedtok Stord kommune reguleringsplan for Eldøyane Sør. Reguleringsplanen hadde nokre krav til støymåling, m.a. rekkjefølgjekrav andsynes nye næringsetableringar. Tre år etter, i slutten av november 2018, stilte Jakob Bjelland seks spørsmål om dette i Sunnhordland til ordføraren. Eg har ikkje lese svara til ordføraren, det kan vera min feil, men rådmannen sa at dei jobba med å svara på spørsmåla. Ettersom kommunen ikkje kunne svara på ståande fot, er det grunn til å tru at krava til reguleringsplanen ikkje er etterkommen.

No vil Eldøyane Næringspark AS bøta på dette. Dei «informerer» kommunen om m.a. at dei set opp ein støymålar i Kåreviksvegen og ein på Stordbase.

Dei som er forskrekka over kommunen si seine og lettvinte omgang med krav til reguleringsplanar, kan eg forsikra at dette gjeld næringsverksemd, når det gjeld privat husbygging, er kommunen svært påpasseleg! Eit lite privat felt med fire hus og seks tomter blei regulert i 2004, lenge før folk mista nattesøvnen i Kårevik/Eldøyområdet. I 2018 søkte to av tomteeigarane om byggjeløyve. Då kom det straks krav frå kommunen om støymåling, elles ville ein ikkje få løyve. Den som var først av husbyggjarane, bestilte støymålinga. Den andre husbyggjaren søkte om å få nytta den same støymålinga, då tomtene grensa til kvarandre, og husa vil liggja eit steinkast frå kvarandre. Lenge trudde ein at dette ville bli godkjent, men etter lang sakshandsaming, kom det avslag frå kommunen. Då var byggherren komen så langt at det hasta for å halda avtalar, ny støymåling kosta 20.000 meir enn den førre, totalt 87.000 kr.

Ein kan også nemna i samband med bygginga, ville feltet flytta ein veg. Det var ein kort blindveg, og dei tre naboane som blei råka var einige, så det skulle vera ei smal sak. Men nei, kommunen forlangte at ein måtte engasjera arkitekt for å flytta den vegen, noko som blei ein langvarig og dyr fornøyelse. Forandringa måtte og til politisk handsaming i kommunen. Eg skjønar at kommunen må følgja opp sine eigne reguleringsplanar. Men, kvifor er ikkje kommunen like påpasseleg med næringsverksemd, som er avgjerande for livskvaliteten for folk som bur i Kårevik/Eldøyane/Bjellands-området?

Det som forundrar meg, er ikkje at kommunen treng tre år for å følgja opp krava til næringar, som forringar folks levevilkår. Nei, det som forundrar, er at eit svært område som Eldøyane, treng eitt støymålingspunkt, og eit område som Kårevik/Eldøyane treng eitt, når to små tomter «tett i tett» i same kommune, treng to?

Eg forventar at Stord kommune stiller strengare krav til ny næring, i eit område som kommunen veit, gjennom år er ille plaga av støy, lys og lukt, enn til dei «små», som ikkje er til sjenanse for nokon! Eg forventar også, at kommunen gjennomgår reguleringsplanen for Eldøyane Sør på nytt, slik at han blir gjenstand for politisk handsaming.

Vigdis Gullberg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut