annonse

Framtida for Smedholmen

Lei sak
Lei sak: Diskusjonen kring Smedholmen held fram. Her takkar Einar Matre (t.v.) og Terje Skorpen for all støtte, og kjem med ei rekkje kritiske merknader til kommunen si handsaming av saka. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Til Fitjar kommune og Friluftsrådet vest.

  • Meiningar

Først takk til Atle Tellnes, John Olav Heggland, Steinar Rosset, Nils Vestbøstad, Jostein Eldøy, Kristi Yttredal Moe, Jan Willy Folgerø-Holm og Karvel Strømme for støtte i avisa, og Julie Skare og Veronica Opsanger som har laga underskriftskampanje på Facebook. Og takk til alle som har skrive under, delt og «lika» på FB for at me skulle få væra med vidare på Smedholmen. I tillegg til alle som kjem til oss og sender oss mail frå land og strand. Me ynskjer no å informera dykk og stilla nokre spørsmål til kommune og Friluftsråd, for kanskje å få til ei «vakker løysing», slik Atle Tellnes skreiv i avisa no sist.

Me har sendt kommunen og friluftsrådet vårt forslag til samarbeid, men har ikkje fått noko invitasjon til dialog om framtidig samarbeid. Dei krev at me må vera ute frå Smedholmen 1. desember. Det skal me gjera alt me kan for å klara, men me søkjer om litt utsetjing for å få plassert båtar og utstyr rundt om.

Kven har ansvaret?

I møtet me hadde med ordførar, kultursjef, rådmann, friluftsrådet og direktoratet, sa direktoratet at det var kommunen og friluftsrådet som skulle avgjera kva som skulle skje med Smedholmen vidare. Dette har me nyleg sjekka og fått stadfesta av direktoratet, dermed bør kommunen gje oss eit tydelegare svar på brevet me sende 29.01.2017 og gje oss klarheit om dei ynskjer oss med vidare no, før me evt. må gje oss på grunn av at det kan verta for krevjande å driva vidare. Me ynskjer meir dialog og møte med kommunen, slik me har etterlyst dei siste ordførarperiodane.

Tidsbruk

Kommunen og friluftsrådet sa til oss at dei må venta til restaureringa er ferdig, før dei kan bestemma kva dei skal driva med på Smedholmen og det kunne ta to år?

Me har fått 14 førespurnader om samarbeid andre stader, men me bur på Fitjar og vil ha base her. Sjølvsagt reiser me og jobbar andre stader slik me alltid har gjort. Med eit fartøy som Seladon og mange båtar, er ynskje å ha det samla på Smedholmen og i Fitjar, men gjerne stilla ut og nytta båtane andre stader.

Samarbeid

Samarbeid mellom det private og offentlege friområde skjer andre stader i landet og skulle vera fullt mogeleg på Smedholmen også, dersom politikarar og friluftsråd skulle ynskja det. At ein politikar seier at «dei må nytta sjansen til å ta attende Smedholmen» verkar merkeleg, då den har vore i leirskuledrift like lenge som det har vore friluftsområde. Alle grupper har kunna koma her på kurs og opphald, og spesielt dei som ikkje har hatt fritidsbåt har me gitt eit tilbod.

Me har disponert husa, kaiane me har bygd, og hatt sauer på område (for å beita ned). No får me ikkje ha sauer heller, løyvet er gitt til andre. Målet har alltid vore å utvide aktiviteten i saman med andre, som skular, lag, organisasjonar, og kunnskapspersonar som fiskarar, handverkarar, sjøfolk og bønder; til å omfatta ein heilskap rundt småbruket. Men Smedholmen har ikkje vore presentabel og utvikla til det. Difor hadde me planar, men dei vart avvist av Friluftsrådet då me var «private» som dreiv der ute.

Vedlikehald

For «mange» år sidan løyvde Agnar Aarskog 50.000 kroner til Smedholmen. Midlane er enno ikkje oppbrukt. Utanom dette har ikkje Kommunen løyvd midlar til Smedholmen og det er jo forståeleg med dårleg økonomi. På 80/90-talet vart det funne midlar kvart år. Når det no vert løyvd 4 millionar til vøling, og med det mykje lettare å halda ved like, vil ikkje Kommunen satsa på det me kan by på.

Dersom Kommunen meiner me har gjort noko gale når me har vore der ute, bed me dei ta kontakt, då me sit med ein følelse av å ha vore i vegen for dei og ulike prosjekt, det har ikkje vore vår meining. Me har sett positivt på desse prosjekta men ikkje vore teke med som ein del av dei.

Kårstova hadde vore vekke i dag om me ikkje hadde vøla den, hovudhuset hadde hatt meir lekkasjar og kanskje vore øydelagd det også. Tre som fall over huset og kunne øydelagd meir av taket, har me teke vekk. Me har sendt brev til Kommunen om meir vedlikehald. Me har og bedt om meir kontakt med kommunen. Me saknar enno svar på nokre av desse breva.

Nokre spørsmål

Då de sa det skulle opprettast ei arbeidsgruppe for Smedholmen for 6 år sidan. Var det då tanken at me skulle vera med i den gruppa?

Er det vanskeleg for Fitjar kommune å seia om dei vil ha oss med vidare no, når det er løyvd 4 millionar til husa? Husa vil bli presentable og kan nyttast på ein heilt annan måte. Då me kom til Smedholmen i 1986 var det lekkasje overalt i hovudhuset og Kårstovetaket rasa saman. Me har vore der i 32 år og gjorde så godt me kunne i byrjinga, men har slite dei siste 17 åra då Friluftsrådet overtok ansvaret.

Me lurer og på kvifor kommunen har teke oss ut av brosjyren i år, den omfattar også reiselivsaktivitetar i Fitjar Kommune?

Har kommunen og Friluftsrådet vurdert om me kan bidra med noko, til dømes formidling, ungdomsarbeid, vidare vedlikehald, frakt ut og inn til kajakk- og robåtutleiga, slik Friluftsrådet skriv til direktoratet, at staden kan nyttast til? Me har drive med kajakkinstruksjon og bruk av robåtar i kurs her i distriktet gjennom alle desse åra. Me har instruert i bygging av kajakk, «rullekurs» og «gaiding» for mange grupper.

Les også: Det som skjer på Smedholmen i desse dagar er ei trist sak

Idealisme

Kommunen og friluftsrådet bad oss kome med vår meining. Det har me gjort i offentleg brev. Me tilbaud oss timebasert løn i forhold til arbeid på Smedholmen.

Smedholmen er ein av dei få stadene i distriktet der levande kystkultur vert drive i eit miljø der ein har bygningar, båtar, fartøy frå den tida husa vart sett opp. Og om ikkje politikarane veit det så er det ivrige ungdomar som brenn etter å vera med, i tillegg til to erfarne idealistar med fleire som og brenn for dette. Me har 10 år att til me er minstepensjonistar og hadde tenkt ungdomsarbeid som vår viktigaste oppgåve for å bringa vidare levande kystkultur. Kommunen bad oss no om å vera «kreative»... .

Terje Skorpen
Einar Matre

Me har sendt kommunen og friluftsrådet vårt forslag til samarbeid, men har ikkje fått noko invitasjon til dialog om framtidig samarbeid.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut