annonse

Framtidas Fitjar og krinsskulane si betydning

Selevik skule
Selevik skule: Solveig Valvatne Hjøllo (t.v.), som har to born som er elevar ved Selevik skule, er sterkt kritisk til å leggja ned eller redusere tilbodet ved grendeskulane i Fitjar. Her er ho saman med Alexandra Weber då bygdefolket aksjonerte mot nedlegging i september. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

  • Meiningar

Då førre skulebruksplan var oppe til behandling i 2014 var prognosane for folketal og elevtalsvekst dårlege. Krinsskulane var foreslått nedlagt for å betre kommuneøkonomien. Grendene peika på kor viktig krinsskulane var for vekst i kommunen. Dei folkevalde høyrde våre argument og valde å behalde dei to grendaskulane. Eit viktig val og eit rett val. Bygdene fekk ro til å utvikle seg vidare og folketalet auka.

I dag er Fitjar er ein vekstkommune med 3.203 innbyggjarar. Ifølgje SSB vil innbyggjartalet auke til over 3400 i planperioden. Me er berre 46 innbyggjarar frå å kompensere tap av småkommunetillegget som fell vekk i 2022. Fødselstala held seg i snitt på rundt 35. Tal frå SSB syner at det er 194 i alderen 0–4 år i kommunen. Det kjem stadig nye innbyggjarar og elevar. I Selevik krins er halvparten av elevane flytta til krinsen dei seinare åra. I år går det 29 elevar på Selevik skule og elevtalet vil liggje stabilt på over 30 i planperioden.

Elevtalet i kommunen er høgare enn nokon gong. Ved skulestart 2018 går det 466 elevar i grunnskulen, 18 fleire enn beste framskrivingstal frå 2014. Det utgjer 2.000.000 i auka årleg overføringar frå Staten. Historiske tal og prognosar visar at folketalet går opp, elevtalet like eins. Det løna seg å ha «is i magen».

Selevik krins med folkeauke

No står Fitjar kommune føre eit nytt, viktig vegval når skulebruksplanen for 2019–23 skal handsamast og framtidas Fitjar byggjast.

Krinsskulane står nok ein gong i fare for å bli lagde ned eller få tilbodet redusert. Trass i usikkerheita rundt krinsskulane, er det ei gledeleg auke i folketalet i kommunen. I siste kvartal 2018 er det kome til 6 nye innbyggjarar berre i Selevik krins, fire av desse born i før- og skulealder. I sentrum er det òg tilvekst i siste kvartal. Det ser ut til at totalt 10 kan leggjast til i manntalet ved utgangen av året. Dette vil auke kommune si inntekt med 660.000 årleg gjennom statlege overføringar. I tillegg kjem inntektsskatt.

I forslaget til skulebruksplan står det: «ut frå elevtalsframskriving frå SSB og eigne analysar av dagens situasjon med tilflytting, utvikling i industri og optimisme i regionen, kan ein pårekna ei auke i elevtalet med om lag 10 elevar pr. år». Det er då underleg at kommunen ikkje nyttar framskrivingstal når ein reknar på kommuneøkonomien. Med framskrivingstal vil elevtalet liggje stabilt på 452–468 i planperioden.

Trygge born og gode skular for alle

Alle foreldre ynskjer dei beste føresetnadene for ei kvalitativ god læring og trygge born! Difor er forslaget om heilt eller delvis leggje ned krinsskulane urovekkjande. Å leggje ned Øvrebygda skule og halvere Selevik skule vil føre til at Rimbareid barne- og ungdomsskule vil bli mottaksskule for 73 elevar i 2020 og ha 414 elevar. Skulen er bygd for 375 elevar. Mottaksskulen vil òg merke dei økonomiske konsekvensane. Innsparinga på 4,6 mill. vil i all hovudsak skje ved kutt i lærarstillingar. Ei nedlegging av krinsskulane vil ikkje føre til auka lærartettleik ved mottaksskulen, tvert imot. Klassane vil bli større, lærartettleiken gå ned og faren er stor for at behovet for spesialundervisning vil auke i kommunen. Det er ikkje til noko barns beste å få store klassar og mindre tid med læraren!

Betydninga av å behalde tilbodet ved Selevik skule

Å behalde Selevik skule for heile barnetrinnet er svært viktig for borna og dei tilsette ved skulen. Ei halvering av elevmassen vil drastisk forringe læringsmiljø og kvalitet på læringa. Det sosiale miljøet blir lite og søsken blir splitta på to skular lenge før det er naturleg ifbm. overgang til ungdomsskule. Foreldre i Selevik krins ønskjer ikkje å sende borna sine til ein stor skule nord på øya, då er det naturleg å sjå mot Sagvåg skule som er mindre og ligg vesentleg nærmare.

Ønsker ein å stimulere til vidare folkeauke i kommunen er det viktig å behalde Selevik skule slik den er i dag.

Krinsen er attraktiv for småbarnsfamiliar nettopp fordi bygda kan tilby ein velfungerande barneskule, barnehage og SFO. Å gjere Selevik skule om til eit oppvekstsenter for 1–4 klasse er tenkt å gje ei årleg innsparing på 1.000.000. Er det verdt det? Slik eg ser det vil dette forslaget berre gje ein kortsiktig kommunaløkonomisk gevinst, samfunnsmessig lønsamt er det ikkje. Bygda vil få stagnasjon og i verste fall fråflytting, noko som gradvis vil svekkje inntektsgrunnlaget til kommunen. Målsetjinga for ein kommune som ønskjer vekst må vere å hindre fråflytting og fremje tilflytting. Korleis skal ein få til dette om grunnlaget for vidare vekst vert teken vekk? Eg vonar at dei folkevalde nok ein gong vel å ha «is i magen» og behalde dagens skulestruktur.

Solveig Valvatne Hjøllo,
mor til to ved Selevik skule

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut