annonse

Fredrik H. Fladmark sine vone over innhaldet i omgrepet «vald»

: Dette biletet illustrerar ein unge som vert klopen i øyret. Nyleg vart ei kvinne dømt i tingretten for å ha gjort dette. ILLUSTRASJONS (Foto: COLOURBOX)

Eg les i Sunnhordland, onsdag 18. mai, at Fredrik H. Fladmark opplever at omgrepet «vald» har mista all fornuftige meining. Dette er, for han, knytt til ein dom i Sunnhordland tingrett.
 
 
I denne dommen har ei mor vorten dømd for vald mot sitt sju år gamle barn etter å ha klypt barnet i øyra gjentekne gonger.
 
 
 
 
LES OGSÅ: Fekk bot for å ha klope i øyret
 
 
 
 
Eg les dette innlegget med undring, ei oppleving av neglisjering av vald mot barn og forstår ikkje kva formålet til Fladmark er. Går ein inn i ulike typar faglitteratur vil ein finne mange definisjonar av vald.
 
 
Psykolog Per Isdal seier at vald er alle handlingar retta mot ein anna person, som gjennom at denne handlinga skader, smerter, skremmer, eller krenkjer og får denne personen til å gjere noko mot sin vilje eller å slutte å gjere noko han eller ho vil. Under denne definisjonen finn ein fysisk vald, psykisk vald, seksualisert vald og materiell vald. '
 
 
Vald mot barn vert særleg alvorleg då maktbalansen er veldig skeiv, barnet står nedst i makthierarkiet og det vert difor eit stort overgrep dersom ein vaksen utøver vald mot barn. Barn er i utvikling, noko som gjer dei svært sårbare mot valdshandlingar uavhengig av om valden er impulsiv eller instrumentell. Små barn er sårbare for stress og ein overproduksjon av stresshormon i blodet kan vere med å senke utviklinga av sentrale hjernestrukturar.
 
 
Dersom omsorgspersonen ikkje evner å hjelpe barnet med å redusere dette stresset kan barnet vere i risikosona for seinare i livet å utvikle vanskar med til dømes hukommelse, konsentrasjon, språk, sosiale samspel og vanskar med å regulere kjensler som frykt og aggresjon. Barn som har vore utsett for vald kan utvikle tilknytingsforstyrringar og ha vanskar med å knyte seg til andre personar.
 
 
 
Ingen vaksne ville tykt det var heilt greitt om nokon kom bort til dei og drog dei i øyra fordi nokon andre hevda at dei hadde opptredd uskikkeleg. Det å ty til vald på denne måten ser eg på som eit teikn på at omsorgspersonen ikkje strekk til i samspel med barnet. Dersom nokon opplever at dei slit i samspel med ein barn er det fleire vegar å gå for å få råd og rettleiing for å betre dette samspelet. Det går an å forhøyre seg med barnehage eller skule for å få tips og rettleiing.
 
 
Barnevernet er ein god partnar der ein får fagleg oppfølging og råd kring tema ein tykkjer er vanskeleg i høve samspel med barn. Eller ein kan ta kontakt med Familievernkontoret, dei er ei spesialteneste som har familierelaterte problem om sitt fagfelt. Det er inga nederlag å ta kontakt med barnehage, skule, familievernkontor eller barnevernet. Tvert om, det tydeleggjer at ein er glad i og ønskjer det beste for barnet.
 
 
 
Så ja, barn er skjøre og me skal ikkje utsetje dei for vald som fysisk eller psykisk disiplinering, det å gje eit barn ein øyrefik eller dra det i øyret er ei krenking av barnet.
 
 
 
Med ynskje om at alle barn får ein valdsfri oppvekst.
 
 
 
Andreas Sumstad Arne
Barnehagelærar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut