annonse

FriNo – eit alternativ til sjukeheimsplass

Helse
Helse: Me støttar tanken om å få bestemme over eige liv, slår Guro Betten og Geir Angeltveit (biletet) fast. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Dei fleste vil bu lengst mogeleg heime.

Dei fleste vil vera saman med ektefelle, born og venar i deira naturlege miljø.

Til trass for gode sjukeheimar, vennlege og flinke tilsette og einerom er det trist å forlata heimen for å bu på sjukeheim. Me vil framover ikkje klara å byggje nok sjukeheimsplassar her i kommunen vår. Ein sjukeheimsplass kostar om lag ein million i året. Kanskje me må tenkje nytt?

Det er ikkje alltid rett å flytta til ein sjukeheim. Tenk deg at du er ung og vert dement, tenk deg at du er 50 år og treng tilsyn store delar av døgnet. Skal du flytte inn på sjukeheimen saman med dei gamle demente, er det rett? Skal ektefellen din slutta i jobben sin for å sjå etter deg, er det rett?

Eller kan me tenkje litt utanfor boksen, tenkje FriNo.

Kan me tenkje oss at ein sjukepleiar/ergoterapeut/sakshandsamar går heim til hen, som har søkt omsorgstenesta og seier (slik dei gjer når det gjeld heimerehabilitering):

Kva er viktig for deg? Kva er viktig for dine nærmaste?

Er det nokon i nærmiljøet ditt, venekrets, familie som kan hjelpa deg slik at du, den sjuke, kan bu heime 3 månader, 6 månader, 1 år til eller kanskje endå lengre?

Og med seg har teamet, ein sum pengar som kan brukast på å leiga inn vener, familie og naboar slik at hen som har den daglege omsorga får fri, når hen treng det – når hen er på jobb, ei helg for å reisa vekk, kveldar for å gå på kino eller songøving eller sundag føremiddag for ein løpetur til fjells.

Samstundes kan denne venen, barnebarnet, sona, naboen ta med seg den sjuke på det som hen synast er kjekt å gjere. Ferie tur til London, trening, tur i Landåsen eller kva det måtte vere.

Dersom den tilsette har med t.d. 300 000 kroner som fyljer brukaren. Om alternativet er sjukeheimsplass – vil Stord kommune spara 700 000 på eit år, og den sjuke og dei rundt vil få økt livskvalitet. Hjelpa kan tilpassast heilt for den enkelte brukar og familie.

Ein kan og tenkja seg at det tilsetjast personar i noko av tida, ein kombinasjon av personleg brukarstyrt assistanse og tenesta er gjeven av familie, vener og andre. Og ein kan tenkja seg at det vert ein form for omsorgsløn.

Nokon vil kanskje argumentera med at familie og vener gjer dette gratis i dag, men det vert lettare å be om hjelp, viss du veit at du kan betala for hjelpa. Kanskje kan me la nokre få bu heime litt lenger og då vil trykket på sjukeheims plassar gå ned. Ikkje forsvinna, men alle ynskjer å bu heime så lenge dei føler seg trygg i heimen sin. Dei fleste ynskjer sjølv å bestemme kva dei vil gjere i fritida si. Med eit slik tiltak gjer me individet mogelegheit til å ta individuelle val. Nokre vil sei at familiane er utslite og ein kan ikkje forventa det av dei, men dette er eit tiltak som må koma inn før dei er slitne. Me seier ikkje at ein ikkje skal ha sjukeheim, men kunne ha eit val. Ein innvending kan vere det vert vanskeleg å administrera, men kanskje me kan sjå til dei som nyttar brukar styrt assistent kor den sjuke eller familien administrera assistentane. Kanskje me kan sjå til dei andre tenestene og utvikla dei til fleire brukargrupper.

Framleis ein tanke, eit uferdig konsept – Stord Venstre meiner det er ein tanke ein lyt prøve ut.

Me støttar tanken om å få bestemme over eige liv.

Guro Betten,
Geir Angeltveit,

Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut