annonse

Frp og idrettshall i Sagvåg

IDRETTSHALL I SAGVÅG
IDRETTSHALL I SAGVÅG: – Me er einige med Sunnhordland i at opsjonar er lite forpliktande. Lovnadane frå dei som ikkje forpliktar seg før valet er lite verdt etter valet. Difor har me programfesta at det skal byggjast 25m basseng, klatrehall og basishall, skriv Reinert Svanberg. (Foto: Arkiv)

  • Meiningar

Me merkar oss at Sunnhordland på leiarplass 28.06 synest det er rart at me i Stord Frp vil byggja 25 m basseng, klatrehall og basishall og samstundes vågar å vera uroa over økonomien i Stord Kommune. Ein kommune der posisjonen har klart kunststykket å redusere driftsover-skotet med over 90 % (til no!), samstundes som eigedomsskatten aukar med 25 %.

Me er villige til å prioritere bygginga av skulen og tilknytt idrettsanlegg. Difor har me mellom anna sagt nei til renoveringa av Rådhuset, som hadde ein kostnadsauke på om lag 150 % – og som ein no har gått vidare med utan å sette tak på prisen. Me har òg sagt nei til leikeplass utanfor Rådhuset.

Vårt primære forslag var å skrote den fordyrande arkitektkonkurransen og gå for ei totalentreprise. Me er viss på at det ville spart fleire titals millionar kroner utan at det ville gå utover kvaliteten. Fasiten får me aldri, men når vårt forslag blir nedstemt må me halda oss til det som faktisk er vedtatt. Då handlar det om å få til den beste løysinga som mogeleg, for ungdomsskulen skal vera der i minst to generasjonar. Då held det ikkje med eit amfi der to klassar manglar sitjeplass når skulen er full.

Me er einige med Sunnhordland i at opsjonar er lite forpliktande. Lovnadane frå dei som ikkje forpliktar seg før valet er lite verdt etter valet. Difor har me programfesta at det skal byggjast 25m basseng, klatrehall og basishall. Me gjekk tidlegare inn for hallkomiteen sitt forslag, men vart nedstemt.

Som ein kuriositet kan det nemnast at Stord Ap har programfesta byggjestart for ny idrettshall i Sagvåg i 2016. Me reknar med at folk merkar seg det òg ikkje let forblinde enda ein gong. Me er også svært glade for at ein no mobiliserer for å få inn midlar til bygging, og er visse på at me skal få prioritert og realisert dette i løpet av neste periode. Det er viktig for heile kommunen.

Reinert Svanberg
6. kandidat,
Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut