annonse

«Gaute på ville vegar»

Bru
Bru: Slik ser Sunnfast for seg å knyta Kvinnherad og Stord tettare. Ivar Vaage og Lars Amund Vaage meiner kommunikasjonen til Sunnfast er propaganda. (Foto: Illustrasjon)

  • Meiningar

Gaute Lund vedgår at infoavisa om Sunnfast er eit propagandaskriv. I innlegget sitt held han fram etter same leisten, prøver å bortforklara dei store skadeverknadene på landbruk, natur og miljø som brua og tilførslevegen vil få. Og det er synd, for når det gjeld eit prosjekt med eit slikt omfang som dette, bør ein i staden for einsidig propaganda, forventa sakleg informasjon der både fordeler og ulemper blir utgreidd.

T.d. skriv han at vegen berre vil leggja beslag på eit par mål dyrka jord. Kanskje rett, men samstundes vil traseen kryssa ein større dyrka bakke og dela denne i to parsellar, noko som sjølvsagt vil vera til stort hinder for drifta.

Han opplyser også at vegen skal gå inst inne i Grunnevika, men hevdar at folk framleis kan sola seg på svaberga, 50 meter lengre ute! Faktum er jo at den flotte badevika vil bli totalt øydelagt!

Gaute hevdar, korrekt nok, at det førebels berre eksisterer ei skisse over vegtraseen. Samstundes talfestar han ganske nøyaktig kor langt vegen vil koma frå busetnaden i Våge. Slik blir dette ein noko underleg diskusjon. Ein skulle nesten tru at det er Gaute som sit og avgjer kvar vegen blir lagt. Slik er det jo ikkje. Sjølv om det kan verka som om ein prøver å få realisert prosjektet utanom ordinære vegbudsjett, må det planleggjast av Statens vegvesen, og det offentlege vil erverva grunn og vera planmynde. Lat oss vona at offentlege instansar vil vera meir lydhøyre for ulempene enn Gaute er.

Det me kan seia sikkert, er at ein eventuell veg vil (mest truleg) gå frå Podlen, gjennom Sundsmarka, Vågsmarka og Bjellandsneset. Dette er avgrensa område, og ein veg her vil medføra store inngrep, nær sagt same kva trase som blir vald, og vil koma nær busetnaden i Kolamyra, Grøndalen, Grønstøl, Troåsen og Våge.

Det største problemet med vegen og brua er ikkje at vegen kjem forbi nokre hus, bl.a. våre. Det er naturinngrepa i ein unik del av fjordlandskapet som skaper uro. Me har vanskar med å skjøna at Gaute kan sjå på desse inngrepa som moderate. Ei bru over fjorden er ikkje eit moderat inngrep. Ein veg gjennom skogsområda og ved strendene kjem til å øydeleggja mykje verdfull natur. Dei som vil ha bru, ville ha tent på å vedgå dette.

Sunnfast har altså laga ei propagandaavis. Motførestillingane er ikkje med i det biletet dei teiknar. Dei i Sunnfast er privatpersonar og er i sin fulle rett til å laga den avisa dei vil. Ei anna sak er at det verkar som om kommunepolitikarane går inn for brua alt no, på eit stadium der argument imot knapt har vore nemnde, og ein verdikamp rundt naturinteresser og naturvern ikkje har funne stad. Er det propagandaen som set dagsorden? Vil me ha auka bilbruk? Vil me ha langpendling til Bergen? Kva er god miljøpolitikk i dag?

Ivar Vaage og Lars Amund Vaage

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut