annonse

– Gje oss gode rammevilkår

Kjempar for skulen
Kjempar for skulen: Marit Himle Pedersen og Tor Jæger Koppang i Utdanningsforbundet Stord. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv)

Utdanningsforbundet Stord kommenterer framlegg til skulebudsjettet 2018

  • Meiningar

Politikarane i Stord kommune skal denne veka vedta budsjettet for 2018. Skulebudsjettet er svært stramt samanlikna med andre kommunar. Utdanningsforbundet Stord sine medlemmer jobbar kvar dag for å gi elevane på Stord den gode skulen dei fortener. Politikarane i Stord kommune må gi oss gode rammevilkår for å gjera denne viktige jobben.

Når det gjeld investeringar er det særs viktig for oss at skulebruksplanen vert følgt og at prosessen med ny Nysæter ungdomsskule held fram som planlagt og at naudsynt finansiering vert sikra.

Dette har ein venta på i Sagvåg og Litlabø i mange år. I Utdanningsforbundet Stord gler me oss til den dagen alle ungdommane i kommunen går på ein skule med godt inneklima slik dei fortener.

I komitémøtet 14. november kom det fram forslag om å setja opp mellombels brakke på Langeland som eit alternativ til krinsgrensejustering. Skal ein finna løysingar i Langelandskrinsen må desse slik me vurderer det vera varige, og av høg kvalitet både bygningsmessig og pedagogisk. Det må heller ikkje få konsekvensar for investeringar innan skulesektoren som er under planlegging eller det generelle driftsbudsjettet.

Det var ein flau statistikk sett med Stord-auge som vart presentert i avisa Bømlo-nytt i august. Stord ligg nest nedst i Hordaland, berre med Askøy bak seg på sisteplass, på oversikten over kor mykje ein brukar pr. elev. Sjølv om Stord er ein kostnadseffektiv kommune, er det på det reine at me brukar mindre enn ein bør på grunnskulen. Slik har det vore over år sjølv om ein i plandokument og anna har høge ambisjonar for skulen. Me har høgt utdanna, dedikerte lærarar og rektorar som strekkjer seg langt og får mykje ut av dei særs strame rammene.

Det skjer svært mykje bra i Stord-skulen og ein er i stadig utvikling. Likevel er det diverre slik at me har mykje att både i høve å kunna tilby tilpassa opplæring og praktisk og variert undervisning frå 1-10 klasse i stor nok grad slik målet er og som lærarane ynskjer.

For å få det til må klassane vera mindre slik at det er råd å organisera undervisninga annleis og driva meir praktisk. Mindre klassar sikrar og tett oppfølging av alle elevar både faglig og psykososialt på ein god måte. Dette er god samfunnsøkonomi, og kan vera avgjerande for enkeltelevar si framtid.

Utdanningsforbundet Stord har i alle budsjetthøyringar dei siste åra spela inn at klassedelingstalet må ned. I dag er det i Stord kommune 28 på barnesteget og 30 på ungdomssteget. Mange går sjølvsagt i klassar som ikkje er så store, men for dei som går i slike store klassar er skilnaden stor i høve til det å gå i ein klasse med kring 20 elevar.

I budsjettforhandlingane på Stortinget er dette ei viktig sak i desse dagar, og me forventar at lokale politikarar følgjer opp sine sentrale partikollegaer for å få på plass nasjonal norm for lærartettleik når Statsbudsjettet skal vedtakast i Stortinget. Denne oppgåva viser seg å vera vanskelig å få på plass lokalt, difor må me ha ei sentral norm for lærartettleik på skulenivå.

Utdanningsforbundet Stord har respekt for at budsjettprosessen i år er svært krevjande, og me viser moderasjon i våre krav. Det er likevel heilt avgjerande å få på plass ei styrking av elevressursen. Elevressursen skal dekka det meste me driv med i skulen. Spesialundervisning, vikar, delingstimar (mellom anna i kunst og handverk og mat og helse) innkjøp av materiell og utstyr, datalisensar evt. turar og mykje anna. Denne må styrkast.

Det kan ikkje vera slik at ein skal vera ein offensiv skuleeigar med einsidige krav til dei som skal gjera jobben; anten det er som rektor eller lærar! Å sikra driftsrammer som er anstendige er politikarane sitt ansvar slik at me kan oppnå det me vil med Stord-skulen!

Utdanningsforbundet Stord har og peika på kor viktig det er med nok tid til leiing ved den einskilde skule. At rektor skal ha tid til å vera pedagogisk leiar er noko me ser sentrale politikarar frå ulike politiske parti seier er viktig. Administrasjonsressursen ved skulane må styrkast.

All forsking syner at læraren er skulen sin viktigaste ressurs, og tett oppfølging av elevene er avgjerande for å skapa ein god skule og et godt læringsmiljø for barn og unge. Når stadig fleire elevar får undervisning i stadig større klasser er ein på ville vegar. Gje oss gode rammevilkår så kan me gje elevane den skulen dei fortener!

Utdanningsforbundet Stord

Tor Jæger Koppang,
leiar

Marit Himle Pedersen,
HTV og nestleiar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut