annonse

«Gløym alt som heiter nye ferjestø»

Vil ha bru
Vil ha bru: Sigmund Kroka. (Foto: Anita Haugland / arkiv)

  • Meiningar

Etter og ha gjennomgått dagens vedlegg av Sunnhordland med god info om veg løysing for Sunnhordland. Endeleg er det nokon som ser løysingar som er framtidsretta, noko som vil gjera det lettare og pendla mellom dei ulike Sunnhordlands-kommunane, til felles beste for alle i området.

Gløym alt som heiter nye ferjestø og støtt sørleg kryssing av Hordfast ved Jektevik. Dette vil vera det beste alternativet for og få fastlandsforbindelse til Kvinnherad. Her har ein lansert ei bruløysing med lågbru med integrerte skipspassasjer frå Kvinnherad til Huglo og vidare med ny bru over til Skorpo. Prismessig er det heilt realistisk med ferjeavløysingsmidlar i 40 år og bompengar i ca. 28 år med ein pris på 120,- noko som vert lågare enn dagens pris nivå med ferje og tunnel utgifter.

Kva vil dette bety i reisetid. F.eks. frå Kvinnherad til Stord sjukehus, med dagens ordning 1 time og 21 minuttar. Med sørleg kryssing og bru over Huglo til Husnes vil reisetida bli 22 minutt. Frå Husnes til Bergen med dagens ordning 3 timar og 2 minutt. Med sørleg kryssing og bru vil det ta 45 minutt. Kva ventar me på. Trafikantnytte med vegfast samband til Kvinnherad er 1,3 mrd. høgare med søre enn med midtre kryssing. Vidare vil eit vegfast samband til Kvinnherad gje ei trafikantnytte inn på E39 med auke på minst 25 prosent.

Eg er vorten skikkeleg overtydd om at dette er framtidas løysing. No må politikarane uansett parti koma på banen, og sjå dei flotte mogelegheitene som ligg i dette prosjektet, slik at ein kan få realisert vegsambandet med sørleg kryssing på Stord og nye bruer over til Husnes. Fleire av bruene i pakken er allereie godkjent, så ein treng ikkje bruka tid eller pengar på og prosjektera nye bruløysingar. Her må ein berre studera det som ligg i pakken av ulike bru alternativ og kalkyle som er basert på Statens vegvesen sine einingsprisar.

Sigmund Kroka

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut