annonse

Gode tilsette i Stord kommune

Garanti
Garanti: Me skal gi ein garanti, og det er at ingen skal seiast opp dersom me vinn valet, skriv Sigbjørn Framnes (Frp). (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Me i Stord Frp trur at kommunalt tilsette sjølv veit kva som er best for dei. Me veit at de gjer ein god og viktig jobb for innbyggjarane – kvar dag, heile døgnet, heile året. Me veit at de vil gjere meir. Me veit at mange av dykk er frustrerte over den økonomiske situasjonen i Stord Kommune. Me veit at mange av dykk er frustrerte over mangel på leiing og retning. Me veit og at mange av dykk sjølv ser at det er eit uheldig samrøre mellom kommunale fagforeiningar og einskildparti. Me veit dette, fordi de seier det til oss!

Me er gjort kjend med at ymse foreiningar i Stord Kommune fortel historier om kva me i Stord Frp har tenkt å gjere om me vinn valet. Det er grunn til å spørje kven sine interesser dei beskyttar? Dei tilsette sine, eller partia dei er medlem i og stiller til val for? Me er ikkje fiendtleg innstilt til kommunalt tilsette – me har mange av dei som medlemmer, fleire sit i lokallagsstyret og er høgt oppe på lista. Dei aller fleste tilsette gjer ein kjempejobb – mange yt for mykje over tid!

Me skal gi ein garanti, og det er at ingen skal seiast opp dersom me vinn valet. Om me faktisk kjem dit at nedbemanning er aktuelt skal det skje gjennom naturleg avgang, og dei som driv med tenesteyting skal skjermast! Me ynskjer eit godt samarbeid mellom dei tilsette, administrasjon og politikarar basert på gjensidig respekt. Det er likevel eit politisk ansvar å sette retning og stille krav til administrasjon og leiing – og tilsette! Det er fordi alle fortener god leiing!

Det me lovar å gjere er å organisere kommunen betre, og sørgje for at mest mogeleg av ressursane hamnar der dei skal: hos brukaren. Tilhøva for mange tilsette vil bli betre! Sjukefråværet i institusjon var i 2018 på 13 % – det tyder ikkje på god organisering. Me skal ha tydelege krav, tydeleg leiing og tydeleg ansvarleggjering. Me merkar oss at dei tilsette i vask ynskjer å vera kommunalt tilsette – det er me glade for! Det er og skal vera eit privilegium å vera tilsett i kommunen! For vask er kostnadane varig redusert samanlikna med før anbodsutsettinga, og i tillegg er dei tilsette friskare enn før. Dette er eit resultat av god leiing og betre organisering. Det viser at ein har forbetringspotensial – men og at det er mogeleg å få meir for mindre, også om ein held alle tenestene i kommunal drift! Ein må ha vilje og handlekraft til endring! Det her me i Stord Frp, og det har eg. Vil du at kommunen skal bli betre for alle – då må du røyste Stord Frp. Ein slengar er ikkje nok!

Sigbjørn Framnes,
ordførarkandidat,
Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut